Heim Nyhende Hjelper skilsmisseborn

Hjelper skilsmisseborn

I Sola kommune i Rogaland har dei eigne samtalegrupper for born og ungdom som kjem frå skilsmisseheimar.

– Me har fått positive tilbakemeldingar frå tidlegare grupper og ønskjer å halde fram med dette tilbodet. Me veit at desse borna ikkje nødvendigvis har større problem enn andre born, men at nokre har det vanskeleg og strever med å bli fortrulege med at far og mor ikkje bur saman lenger. Samtalegruppa er tenkt som eit førebyggjande tiltak, seier helsesyster Kari Sleen til Solabladet.

Gruppene tek føre seg ulike tema som sorg, håp, samvær i ferien, at mor eller far finn seg ny kjærast, nye sysken, sjalusi og korleis stoda heime har innverknad på kvardagen.

– Fire til seks born på omlag same alder er samla i gruppene. Me held til på skulane ein time på slutten av ein skuledag. Kor langt borna har kome i prosessen med skilsmissa kan variere. For nokre har kanskje foreldra vore skilde i fem år. For andre skjedde brotet nyleg. Men det kan vera viktig at borna har vorte vande med den nye situasjonen før dei startar i ei slik gruppe, seier Sleen. Erfaring viser at borna kan hjelpe kvarandre med tips og råd som dei vaksne ikkje tenkjer på.

Skulehelsetenesta i Sola er ikkje dei første som har eit slikt tilbod for skilsmisseborn. Det starta i Bærum for rundt 10 år sidan. Ei helsesyster der merka at mange av samtalane ho hadde med ungar på skulen handla om samlivsbrot. Ho tenkte at det måtte vere ein god idé for desse borna å kome saman for å sjå at dei ikkje var åleine. Ho erfarte at ungane syntest det var godt å få lufte tankar og kjensler med kvarandre.

Helsesyster i Sola, Kari Sleen, fortel at dei nyttar barneboka ”Even og skilsmissen” for dei minste borna, og forteljingar, som er laga til dette føremålet, for dei større borna. Sleen fortel vidare at nokre av tilbakemeldingane frå skilsmisseborna til foreldra går på at dei ikkje vil vere sendebod mellom mor og far, og at dei synest det er vanskeleg når foreldra snakkar stygt om kvarandre.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...