Heim Nyhende Wegard Harsvik ny rådsordførar i Nynorsk kultursentrum

Wegard Harsvik ny rådsordførar i Nynorsk kultursentrum

Wegard Harsvik (43) vil som nyvald rådsordførar fokusere på oppfølginga av språkmeldinga, og han gler seg også til å vere med og realisere språkåret 2013.

Like før jul blei dåverande rådsordførar Morten Søberg utnemnd til statssekretær i Finansdepartementet. Han sa då straks frå seg vervet i Nynorsk kultursentrum.

Den nye rådsordføraren har alt vore statssekretær i to departement. Harsvik skal leie rådet i Nynorsk Kultursentrum i 2011 og 2012.

– Eg har sterke kjensler for nynorsken, og det arbeidet Nynorsk kultursentrum gjer, er svært viktig. Med rådet i ryggen vil eg gjerne setje meir trykk på oppfølginga av den viktige språkmeldinga. Språkåret 2013 er eit stort og viktig prosjekt eg gler meg til å vere med og realisere, seier Harsvik i ei pressemelding.

22 stiftarar står bak Nynorsk kultursentrum; mellom andre Møre og Romsdal fylkeskommune, Universitet i Tromsø, Det Norske Samlaget og Noregs Mållag.

Stiftinga eig og driv Ivar Aasen-tunet i Ørsta og Olav H. Hauge-senteret i Ulvik som er under etablering. Stiftinga gjennomfører eit breitt kulturprogram året rundt. Høgdepunktet er Dei nynorske festspela i Ivar Aasen-tunet i slutten av juni, ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen.

Like før jul vedtok Ulvik herad å bli ny medstiftar. Bakgrunnen er at Nynorsk kultursentrum no har ansvaret for å utvikle og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik.

Wegard Harsvik (43) er cand.mag. med sosialøkonomi, sosiologi og historie i fagkrinsen. Som gymnasiast var han med og skipa lokallag av Norsk Målungdom i Fauske, og han har vore leiar i Sosialdemokratisk Studentforbund. Han har lenge vore aktiv i Arbeidarpartiet og har møtt som vararepresentant i Stortinget.

Harsvik var politisk rådgivar i Kunnskapsdepartementet (2000–2001), statssekretær i Sosial- og helsedepartementet (2005–2007) og i Kultur- og kyrkjedepartementet (2007–2009). I 2004 gav han saman med Stein Moen ut boka ”Eit nytt nei”. No arbeider han i Fagforbundet, og i rådet for Nynorsk kultursentrum representerer han Noregs Mållag.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...