Heim Nyhende Året som endrar framtida

Året som endrar framtida

– Språkåret 2013 skal bli året som endrar framtida, sa Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum, under Noregs Mållag sitt landsmøte som vart halde i Suldal sist helg.

Året skal bli ein dugnad for språk, held han fram, og la til at her skal alle språklege miljø få høve til å delta. Nynorsk kultursentrum har ansvaret for å utvikle Språkåret 2013, og nytta høvet til å oppfordre einskildpersonar og organisasjonar til å ta kontakt dersom dei ynskjer å bidra med idear.

Nynorsk kultursentrum har allereie ein del idear på blokka, og nemnde verdskonferanse om fleirspråklege samfunn, ein dag der heile verda bloggar om språk, folkebok om Ivar Aasen, språkdagar i skular og barnehagar, målpause i fotballkampar, språkvandring frå Vadsø til Aasen-tunet, den nynorske skulesekken eller ei vandreutstilling om lese- og skrivekunne som nokre av aktivitetane Språkåret kan kome til å innehalde.

– Me legg opp til systematisk bruk av nettstad og sosiale medium, fortel Grepstad.

Målet med Språkåret 2013 er mellom anna å skapa større språkleg sjølvkjensle og gjere alle stolte av at me har 2 norske språk.

– Språkåret skal aldri slutte, sa Grepstad. – Det skal berre gå over i andre former.

 


SPRÅKÅRET 2013:

Nynorsk kultursentrum skal på oppdrag frå Kulturdepartementet utarbeide planar for Språkåret 2013.

Jens Kihl (24) er tilsett som prosjektleiar for Språkåret 2013, og tek til i jobben 1. juni.

Språkåret 2013 skal femne om både nynorsk og bokmål, teiknspråk, urfolksspråk, minoritetsspråk og innvandrarspråk.

(Kjelde: Aasentunet.no)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Vestland vil ha filmar med nynorsk teksting

Fylkestinget i Vestland meiner det er på høg tid at kinofilmar får nynorsk underteksting. Over 35 prosent av dei kommunale kinoane i Noreg ligg i...

Krev like vilkår for nynorsk og bokmål i regjeringa si nye KI-satsing

Nynorsk bedriftsforum reagerer på at den nye nasjonale satsinga KI Norge berre er tilgjengeleg på bokmål ved lansering. KI Norge, som vart lansert 12. juni...

Kven er din kandidat til årets nynorskkommune?

Kultur- og likestillingsdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune 2026». Prisen er på 200  000 kroner og vert delt ut annakvart år til ein...

Fleirtal for krav til nynorske læringsressursar

Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) har samla fleirtal for nynorskkrav til læringsressursar. No må kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og regjeringa innfri, slik at nynorskelevane...