Heim Nyhende Vil kvitte seg med lusa

Vil kvitte seg med lusa

Lakselusa i Ryfylke, Nord-Jæren og Jæren-området har blitt stadig meir resistente mot medikamenta ein bruker for å bekjempe dei. I tillegg er det store  oppdaga mengder lakselus på villfisk.

Som eit ledd i kampen mot lakselus utarbeider Mattilsynet forslag til soneforskrifter i dei områda kor dei generelle tiltaka i nasjonal luseforskrift ikkje har hatt god nok effekt. Mattilsynet har nå sendt forslag til soneforskrift mot lakselus i Ryfylke ut på høyring.

Det er allereie innført soneforskrift for Hardanger og for delar av Nord- og Sør-Trøndelag.

Høyringa frå Mattilsynet omfattar forslag til forskrift om sone for å forebyggje og bekjempe lus i akvakulturanlegg i kommunane Stavanger, Klepp, Sandnes, Sola, Randaberg, Gjesdal, Forsand, Strand, Rennesøy, Kvitsøy, Finnøy, Hjelmeland, Suldal, Sauda, Vindafjord , Tysvær, Bokn, Karmøy, Utsira og Haugesund.
Mattilsynet er uroa over utviklinga og dei konsekvensane  den aukande medikamentresistansen og dei store mengdene lakselus på villfisk kan ha på bestandane av villfisk i området. I tillegg kan lakselus også bli eit helse- og velferdsproblem for oppdrettslaksen.

Forslaget til soneforskrift inneheld mellom anna bestemmelsar om:
•  Fastsetjing av lusekoordineringsområde/ område for koordinert brakklegging
•  Tiltaksgrense for enkeltanlegg i sona
•  Oppsamling og destruksjon av lakselus og eggstrenger frå avløpsvatn frå slakteri
•  Krav til samarbeid om avlusing
•  Elektronisk registrering av data

Høringsfristen er sett til den 1. juni 2011. Les meir om denne saka her.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...