Heim Nyhende Litteraturhus i vestlandshovudstaden?

Litteraturhus i vestlandshovudstaden?

Brått skal «alle» ha eit litteraturhus. Det starta med Oslo, som opna dørene for fyrste gong hausten 2007 etter ein tysk modell. Så bør ein då vera nøgde med at litteratur har vorte så populært, eller? Det planlagde litteraturhuset i Bergen får fram sterke meiningar både for og imot.

Dei fyrste framlegga om litteraturhus i Bergen kom gjennom eit oppslag i BT november 2008, og primus motor var Kristin Helle-Valle. Forslaget vart teke i mot med stormande jubel frå både forfattarar og innbyggjarar elles. Så stilna det eit par år, før den varme fønvinden gjekk over til vekslande lufttemperatur med både kalde og til dels stormfulle drag. Helle-Valle har ikkje i stor grad kome med nye opplysningar. Forfattar Tomas Espedal og BA-bladfyk Erling Gjelsvik har kanskje vore tydelegast i angrep, med eit og anna tilrop frå sidelinja i form av Ketil Bjørnstad og Anders Heger, som irriterer seg over bergensarrogansen. Utgangspunktet for gaulinga har vore i kva grad Helle-Valle er rette person til å leia prosjektet, og om ein treng litteraturhus når Bergen Offentlege Bibliotek har vore litteraturen sitt hus sidan 1872.

Pengar på bok

Kultur- og debattredaktør i Bergens Tidende, Hilde Sandvik, var tidleg på bana som pådrivar for litteraturhus. Også ho stiller spørsmål om kva som no skal skje.

– Eg skulle ynskja at styret og Helle-Valle kunne koma med tydelegare innspel om kva ein faktisk skal ha inn i det komande huset. Kven skal laga program? Kva samarbeidspartnarar vil LiB ha inn?

Styremedlem i stiftinga Litteraturhuset i Bergen, forfattar Gunnar Staalesen, har høyrt kritikken før. – Problemet er at utan midlar så kan ein ikkje planleggja konkrete tiltak. Det er inne fleire søknader som me ventar på tilbakemelding om. Trond Mohn sitt bidrag på 10 millionar kroner gjer klart at ein ser meir positivt på det, men me bør helst ha stat og fylke med på laget om det skal kunna realiserast, seier Staalesen. Han seier det er beklageleg at det har vorte såpass sterkt personfokus, og meiner at utan Helle-Valle hadde ein sannsynlegvis ikkje eingong hatt noko litteraturhus å diskutera.

– Og så må folk vera klar over at Helle-Valle er inne som leiar for forprosjektet, jobben som leiar for sjølve litteraturhuset vert etter alt å døma lyst ut som åremålsstilling når den tid kjem, men det er klart at ho stiller som ein sterk kandidat.

Gjer døri høg …

Fleire spør seg om kva takhøgd ein skal leggja opp til. Espedal er redd det blir for mykje «kulturmenneske», eit omgrep som mange har ergra seg over. Hilde Sandvik meiner det er urealistisk å skulla avgrensa målgruppa. I ein kommentar i BT peikar ho på at ein lyt passa seg for å bli for ekskluderande, særleg i ein såpass liten by som Bergen, men det er klart at utan dei skrivande i ryggen, så blir det eit fattig litteraturhus. Norsk Forfattarsentrum har vore aktuell som ein naturleg leigetakar. Dei representerer gruppa som no tek til orde for det som kanskje vert deira viktigaste framtidige tumleplass.

– Norsk Forfattarsentrum som medlemsforeining er nøytral, så eg kan ikkje snakka på vegner av forfattarane som gruppe, seier dagleg leiar Sissel Kristensen. Ho har likevel ein del punkt som vil vera avgjerande for om dei vil flytta frå dagens lokale på USF Verftet.

– Det er klart at me lyt tenkja økonomi her. Det gjeld ikkje berre husleiga for oss, men òg kor dyrt det blir for arrangørar å ta i bruk fasilitetane på huset. Det må vera høg aktivitet i eit hus som set seg føre å vera representant for litteratur i ein by som Bergen. Om det blir i Østre Skostredet, som ein hovudsakleg har snakka om, så er ikkje det så nøye. Men ein må ikkje misforstå: dei fleste forfattarane stiller seg framleis positive til huset, seier Kristensen.

Så kva meinar forfattarane?

Det florerer av forfattarar og forfattarspirer i vestlandsbyen, og meiningane er ditto fordelt. Nemnde Espedal og Gjelsvik har vore tydeleg framme som kritikarar, noko som får ein til å tenkje at det kanskje er unison motstand ute og går. Så einsidig er det altså ikkje. Ein av dei som er klart positive, er forfattar Helga Gunerius Eriksen.

– Mange av oss gler oss over tanken på å få ein felles arena og vårt «eige» hus i Bergen. Eg skal ikkje snakka for kvar og ein, men mi meining er at eg vil ha eit allsidig hus, eit hus som er breitt og smalt, men ikkje nødvendigvis på same tid. Skuleelevar vil ha andre føresetnadar for å oppfatta litteratur enn eksperimentelle poetar – alle må kunna bli møtte med opne armar! Med tanke på Gjelsvik sitt innspel om at biblioteket allereie er byens litteraturhus, så meinar eg dette blir to forskjellige arenaer. I biblioteket går eg oftast åleine for å vera stille, til litteraturhuset kan folk gå saman for å høyra folk lesa høgt eller sjølv diskutera høglydt, seier Eriksen.

Ho er òg oppteken av at dette kan vera ein sjanse til å gje litteraturen fleire ansikt. Om biblioteket er arkivet og bokhandelen business-sida, så er litteraturhuset møteplassen. Som nynorskforfattar er ho ikkje det minste uroleg for bruk av målform.

– Nokre av Noregs mest profilerte forfattarar skriv på nynorsk og bur i Bergen. Jon Fosse, Frode Grytten, Gunhild Øyehaug, Olaug Nilsen – lista er lang. Dei kjem ikkje til å kunna oversjå dette når det gjeld bruken av nynorsk og bokmål. Dette blir naturleg 50/50, spår Eriksen.

Så mens meiningane fyk over kaféborda, eteren og avissidene, så avventar alle, både forkjemparar og motstandarar, Helle-Valle og styret for stiftinga, på at pengegaloppen skal ta til og avgjera om vestlandshovudstaden snart kan opna dørene til den litterære storstova.

 

 

 

Førre artikkelGir ut barnebok
Neste artikkelVil kvitte seg med lusa

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...