Heim Nyhende Druknar læraren

Druknar læraren

Venstre sitt landsmøte synest lærarar i den norske skulen skal konsentrere seg om å undervise og ikkje på å lese seg opp på nye forskrifter dei får tilsendt frå departementet.

– Sidan den raudgrøne regjeringa overtok kunnskapsdepartementet har norske lærarar og rektorar motteke 148 nye forskrifter, lovendringar og rundskriv på korleis dei skal leggje opp undervisninga si. Det svarer til eit rundskriv eller pålegg annakvar veke i seks år. Det er nok no, Kristin Halvorsen, seier Bjørnar Hamre, Venstre sin ungdomskandidat til fylkestinget, og Sindre Horn, leiar Hordaland Unge Venstre, i eit lesarbrev i avisa Nordhordland.

Dei peikar vidare på at regjeringa har hatt som mål å auke tida lærarane underviser elevane, samstundes som kunnskapsdepartementet druknar lærarane i nye rundskriv og pålegg, som lærarane ikkje har kapasitet til å følgje opp.

– Åtte av ti lektorar meinar krava til dokumentasjon og rapportering går ut over undervisninga og kvaliteten i skulen. Tid som elles kunne ha blitt brukt til følgje betre opp kvar einskild elev blir no brukt i eit unødvendig stort skjemavelde, skriv Hamre og Horn.

Venstre sitt landsmøte vedtok i helga å etablera eit breitt samansett regelråd med sikte på å redusera byråkratiet i skulen. Landsmøtet vedtok også eit mål om ei forenkling av læreplanverket, for å gjere kompetansemåla meir målbare.

– Vi må ha tru på at den einskilde lærar, rektor og skule veit best korleis læringa skal leggjast opp for å nå kompetansemåla, slår Venstre-politikarane fast.

Førre artikkelVil kvitte seg med lusa
Neste artikkelLNK gir ut målpris

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...