Heim Nyhende "Få meg på" i USA

«Få meg på» i USA

Filmen Få meg på, for faen, basert på Olaug Nilssens roman med same namn, er som første norske film nokon gong tatt ut til hovudkonkurransen i den prestisjetunge filmfestivalen Tribeca som no pågår i New York.

Filmen hadde premiere under opninga av festivalen påskeaftan. Etter premieren seier bransjebladet Variety at det er ein søt og ærleg film som behandlar ungdommane med ein respekt tenåringsfilmar frå Hollywood ser ut til å vere allergiske mot. Også Huffington Post peiker på evnen filmen har til å gjere ein langt betre og meir sjarmerande jobb med å portrettere det lidande kapittelet i livet ungdomstida kan vere enn andre filmar i sjangeren.

Filmen er ein av 12 filmar som vart plukka ut blant 5 000 innsendte filmar til å delta i hovudkonkurransen i Tribeca, og det er ifølgje NRK Sogn og Fjordane første gong at ein norsk film er med i denne konkurransen. Filmen, som har fått det engelske namnet Turn me on, goddammit, konkurrerer om fleire prisar under Tribeca-festivalen.

Filmen Få meg på, for faen vart laga på Sand i Ryfylke i fjor og kjem til å ha Noregs-premiere i august i år. Boka Få meg på, for faen kom ut i 2005, og vart også dramatisert på Det Norske Teatret i 2007.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...