Filmen “Få meg på, for faen” og regissør Jannicke Systad Jacobsen har vunne pris for beste manus på Tribeca Filmfestival i New York. – Heilt einstemmig, dette er det beste manuset, seier juryen.
Filmen er den første norske som nokon gong er vald ut til å vere med i hovudkonkurransen i denne filmfestivalen. Få meg på, for faen, som er basert på Olaug Nilssens bok ved same namn, hadde premiere i New York påskeaftan og fekk gode kritikkar. Filmen kjem til Noreg i august.