Heim Nyhende Vil ha fleire læreplassar i kommunane

Vil ha fleire læreplassar i kommunane

Høgre sin fylkesordførarkandidat i Rogaland, Janne Johnsen, oppmodar norske kommunar til å opprette fleire læreplassar.

– Det er eit paradoks at offentleg sektor utan unnatak er dårlegast i klassen til å ta imot lærlingar. I Rogaland blei det inngått totalt 2200 lærekontraktar i 2010, av desse var 350 i offentleg sektor. Vi føreslår derfor å setje måltal for talet på lærlingar i offentleg sektor, sa Janne Johnsen under sin tale på Høgre sitt landsmøte i helga.

Ho meiner at det må vere samsvar mellom talet på studieplassar og tilgjengelege læreplassar i fylka innan dei ulike bransjane.

Johnsen peika også på at det bør vere kommunane sitt ansvar at elevane deira kan lese og skrive etter 10 års grunnskuleutdanning.

– Det kan ikkje vere slik at det skal vere den vidaregåande skulen sitt ansvar å gi elevane lese- og skriveopplæring. Utvalet eg har leia tar derfor til orde for at kommunane skal bli gitt eit større ansvar for at deira elevar skal mestre dei grunnleggjande kunnskapane. Dette kan mellom anna gjerast gjennom sommarskule eller tilpassa kurs og skal gjennomførast seinast innan det første året av vidaregåande opplæring, slår fylkesordførarkandidaten fast.

Les heile talen til Janne Johnsen her.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...