Heim Nyhende Høgre vil fjerne skriftleg nynorsk i ungdomsskulen

Høgre vil fjerne skriftleg nynorsk i ungdomsskulen

Landsmøtet til Høgre vedtok søndag at det skal vere frivillig for elevar i ungdomsskulen å lære skriftleg nynorsk.

Forslaget stammar frå Unge Høgre og vart overraskande vedteke under innspurten på det tre dagar lange møtet.

Partileiar Erna Solberg og første nestleiar Jan Tore Sanner stemde mot, men andre nestleiar, rogalendingen Bent Høie som er busett i Bærum, stemde for å fjerne kravet om skriftleg sidemål.

Under eit landsmøte som hadde kompetansebygging i skulen som den eine av to hovudsaker, vart Solberg spurt om ikkje dette vedtaket inneber det stikk motsette, nemleg nedbygging.

– Det at eit fleirtal vil gjere skriftleg sidemål frivillig, tyder ikkje at elevane skal reservere seg mot dikt, litteratur og kunnskap om den nynorske kulturarven. Kravet om kunnskap fell ikkje bort, sa partileiaren.

Tidlegare har Høgre vedteke at skriftleg sidemål skal vere frivillig i vidaregåande, men no gjeld det også ungdomsskulen. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...