Heim Nyhende Grunngjeving for LNK-pris til Sogndal Fotball

Grunngjeving for LNK-pris til Sogndal Fotball

Sogndal er ein askeladd, ja, kanskje sjølve Askeladden med stor A i norsk fotball. Frå cupfinalen i 1976 og til eliteserien i dag, 35 år seinare, har det gode laget frå den vesle bygdebyen blanda seg inn i det gode selskap, til glede for mange, og til litt ergrelse for nokre få, særleg trenarar i Vålerenga og Ålesund med fleire.

Det er viktig at nokon, gjennom systematisk arbeid og vekt på kompetansebygging og profesjonell drift, kan syna at ”smått kan vera godt” også i fotball. Sogndal fotball har bygd på ein idrettsfilosofi som legg vekt på systematikk, utvikling av eigne krefter og dugnad kopla med profesjonalitet. Det er imponerande å sjå dei anlegga som i dag er i full drift rundt Fosshaugane stadion: Særleg vil eg understreka det banebrytande samarbeidet som er utvikla mellom Sogndal fotball og Høgskulen i Sogn og Fjordane, både når det gjeld anlegg og idrettsutdanning. Det er ikkje tilfeldig at Høgskulen i dag har den største idrettsutdanninga i landet utanom Idrettshøgskulen.

I dette bildet av ein sjølvstendig og profesjonell idrettsorganisasjon høyrer og nynorsken heime. SIL har heile tida, som ein heilt sjølvsagd del av profilen, brukt nynorsk. Det gjeld i administrasjonen, i eksterne annonsar og meldingar og på nettsidene sine. Det at de brukar nynorsk naturleg i ei verd som er så dominert av bokmål, er viktig for holdningane til dette språket, både i lokalmiljøet og nasjonalt. Nynorsk blir ikkje sidrompa når det er på ei fotballside det står om ”Siger på vindfulle La Manga” eller ”heimetrøye”. Særleg når Tone Damli Åberge er med og reklamerer for trøya.

Nynorsk er og ein del av den overordna strategien. Som dagleg leiar seier det:

” Vår kommersielleoppgåve forutan å spele fotball er å «selje» Sogn og Fjordane og nærings- og kulturlivet i fylket. Å ikkje nytte nynorsk ville bygd ned produktet og tilliten i den jobben me gjer. Nynorsk er vårt viktigaste våpen i kampen om å skape ein identitet.”

Dette er profesjonell tenking, og det gagnar nynorsken på alle måtar.

Eg vil då be Egil B Mundal komma fram og ta mot Landssamanslutninga for nynorskkommunar sin pris for god målbruk i det offentlege rommet.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...