Heim Nyhende Tapar millionar på samanslåing

Tapar millionar på samanslåing

Det er ikkje sjølvsagt at småkommunar kan spara pengar på å slå seg saman til ein storkommune. Fjell, Sund og Øygarden i Hordaland har funne ut at dei vil tape mange millionar på å slå seg saman.

Dei tre Hordaland-kommunane har engasjert eit konsulentfirma for å finne ut om ei samanslåing vil lønne seg. Konklusjonen frå konsulentfirmaet Agenda Kaupang var negativ. Kommunane vil tape nesten seks millionar kroner kvart år i 10 år og deretter rundt 40 millionar kroner årleg.

– Dette handlar i stor grad om det såkalla basistillegget som du får om du er ein eigen kommune. Det vil etter ei samanslåing falle bort. Prosentuelt er dette småpengar, men det blir altså tap og ingen gevinst, skriv journalist og forfattar Olav Kobbeltveit i ein kommentar i Bergens Tidende.

Han fortel vidare at Fjell, Sund og Øygarden nå har vald å sjå på nye samarbeidsløysingar, mellom anna på skulesida, for å spare pengar. Samarbeid om barnevern er allereie etablert.

– Det er meir å henta på slikt samarbeid enn samanslåing. Sentrale forsøk på å tvinge små kommunar til større einingar – gjennom tvang – er langt på veg ”dårers tale”. Det som kan setje fart i prosessen er aktiv bruk av gulrot, i form av rammevilkår som gir éin stor kommune betre økonomi enn tre mindre, meiner Kobbeltveit.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...