Liv Hege Skagestad fekk Huldaprisen 2011 under Norsk Amatørteaterfestival i Oslo laurdag. Prisen fekk ho for sitt arbeid med og for norsk amatørteater gjennom fleire år.
– Liv Hege Skagestad får Huldaprisen 2011 for for å ha vore ein teaterpioner som har skapt nye arenaer, latt menneske møte menneske og fordi ho har utvikla teateret i Noregs Ungdomslag. Ho har flytta det profesjonelle teateret nærare oss, og flytta oss nærare det profesjonelle teateret, seier Kristian Fjellanger, styreleiar i Noregs Ungdomslag og jurymedlem.
Liv Hege Skagestad har i fleire år vore drivkraft for Norsk Amatørteaterfestival, og ho er også initiativtakar til Den Mangfaldige scenen. Den Mangfaldige scenen er eit barne- og ungdomsteater som legg vekt på kulturelt mangfald og som tilbyr kurs og framsyningar av og med unge med profesjonelle kunstnarar som rådgjevarar.
– Juryen har lagt vekt på hennar evne til å inspirere og begeistre andre i sitt arbeid. Liv Hege Skagestad har med sin viljestyrke, sitt pågangsmot, og sin teaterglede gjort seg til ein sentral aktør når amatørteaterhistoria etter år 2000 skal skrivast, seier Fjellanger. Han hadde Jakob Bjerkem og Tanja Isaksen med seg i juryen.
Om prisen:
Huldaprisen vert gjeve til einskildpersonar, lag, organisasjonar eller institusjonar som har arbeidd for å fremje og betre rammetilhøva for norsk amatørteater. Arbeidet skal vere tufta på Noregs Ungdomslag sine grunntankar om opplæring, formidling og trua på einskildindividet som ressurs. Det vil bli sett på som ein føresetnad at mottakaren av Huldaprisen i arbeidet har lagt vekt på å heve den kunstnarlege kvaliteten på amatørteatret.