Heim Nyhende Meir til samanslåtte kommunar

Meir til samanslåtte kommunar

Kommunar som slår seg saman, får no auka perioden for inndelingstilskot frå 10 til 15 år.

Det kom fram etter at regjeringa la fram kommuneproposisjonen i midten av mai. I tillegg blir tilskotet nedtrappa i ytterlegare fem år, slik ordninga legg til rette for også i dag.

– Eg ynskjer med ei slik utviding å leggje til rette for langsiktige og stabile rammevilkår for kommunar som på frivillig basis ynskjer å slå seg saman, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Inndelingstilskotet i inntektssystemet er ei kompensasjonsordning til samanslåtte kommunar for reduksjon i rammetilskotet som følgje av kommunesamanslåing. No kompenserer inndelingstilskotet for bortfall av basistilskot og eventuell reduksjon i samla regionalpolitiske tilskot, i tillegg til meirkostnader som følgje av auka arbeidsgjevaravgift.

Endringa vil gjelde både for dei kommunane som mottek inndelingstilskot allereie, og for dei som skal slå seg saman.

– Inntektssystemet skal korkje presse eller lokke kommunane til å slå seg saman. Systemet skal gje kommunane like føresetnader for å gje eit likeverdig tenestetilbod til innbyggjarane sine, seier Navarsete.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...