Heim Nyhende Nynorsk eller bokmål på skulen i Halsa?

Nynorsk eller bokmål på skulen i Halsa?

I september skal innbyggjarane i Halsa kommune på Nordmøre avgjera kva som blir språklagnaden her.

Ikkje noko har vore gjenstand for fleire folkerøystingar her i landet enn skulemål. Nokre ser gjerne at ungane held på nynorsken, medan andre helst vil at bokmålet skal innførast jamt over.

Tilstanden i dag

Sidan kommunesamanslåinga mellom Halsa og Valsøfjord i 1963 har det vore delt skulemål: Valsøfjord skole har skrive bokmål, Halsa barne- og ungdomsskule og Blekken skule (1.–4. trinn) har skrive nynorsk. No skal dei slåast saman til ein skule, noko som etter kvart ikkje er så uvanleg i ein liten kommune på rett under 1700 innbyggjarar. Det kan verka som at målsaka ikkje står øvst på agendaen verken frå kommunen si side eller hjå folk flest.

Nils Ulvund
Nils Ulvund vil engasjere bygdefolket i språkdebatten. (Foto: Hege Lothe/Noregs Mållag)
For å gjera det enkelt for folk å stemma har kommunen lagt røystinga til 12. september, same dag som kommunevalet. Skulefagleg ansvarleg i Halsa kommune, Marie Botn, vil oppmoda folk til å stemma, men ho understrekar at det ikkje er kommunen sin jobb å organisera diskusjonsmøte eller andre tiltak som kan påverka utfallet. Så kva seier folk som bur her?

Nynorsk – kvifor?

Bygda har eit aktivt mållag, Halsa heimbygdlag, men som Dordi Oterholm påpeikar, så tilhøyrer medlemmene i stor grad gruppa som har barneborn i skulen heller enn eigne born. Ho har ikkje registrert noko særleg engasjement rundt skulemålssaka, og ho har ikkje altfor stor tru på nynorsk siger. Tidlegare leiar og prosjektleiar i Nordmøre Mållag, Nils Ulvund, ser derimot ikkje på saka som tapt:

– Me må få i gang ein diskusjon om språk og informera om språktilstanden i dag. Eg trur litt av problemet er at nynorsken ikkje er synleg nok. Og sidan dei før eller seinare lyt ha nynorsk i skulen, så kan ein like godt starta som ungar. Me vil ta kontakt med folk i bygda og gjera dei obs på kva dei faktisk er i ferd med å velja vekk. Så viss folket stiller til val, så blir det nynorsk, seier ein optimistisk Ulvund.

Bokmål – kvifor ikkje?

Einar Vaagland er tidlegare lærar og har sterke meiningar om kvifor ein skal velja bokmål som skulemål. Han presiserer at det slett ikkje er fordi han har noko i mot nynorsk, men det går på at dagens bokmål og nynorsk liknar kvarandre så til dei grader.

– Me snakkar ikkje om landsmål og riksmål her. Forskjellane er i ferd med å utvatnast heilt, og når det store fleirtalet i landet skriv bokmål og dialektane ikkje ser ut for å lida under det, så fattar eg ikkje kvifor me lyt tvihalda på å ha to målformer, seier Vaagland.

– Dagens ungar lærer i stor grad av barne-tv, der overvekta av bokmål ikkje kan diskuterast. Eg meiner at det viktigaste er at dagens ungdom lærer seg å skriva bra og riktig, og om det blir bokmål, så er det mindre viktig, fortset Vaagland.

Dialekt versus målform

Trass i at bokmål har vore målform i store delar av kommunen sidan sekstitalet, så står altså dialekten sterkt enno. Rektor ved Valsøfjord skole, Eli Ohren, undrar seg litt over overvekta av bokmålstilhengjarar:

– Eg har vore rektor her i nærare 40 år, og det har aldri vore noko spørsmål om å skifta frå bokmål. Dette er jo noko spesielt, sidan målføret ligg såpass nær nynorsk. Nokre lærarar og foreldre skulle kanskje sett at det var annleis, men det er ikkje tvil om kva majoriteten vel. Ein kan sjølvsagt ikkje føresjå utfallet av ei folkerøysting, men med eit såpass svakt engasjement så tippar eg det vil gå i bokmålsretninga. Eg trur folk er bra klar over skiljet mellom skriftspråk og dialekt og eventuelle likskapar, men ein vert utsett for ei så massiv bokmålseksponering i kvardagen at dette kjem meir naturleg, trur eg.

Frå det eine til det andre

Ei undersøking for ei tid tilbake frå Blekken skule, der elevane i 1.–4. trinn går, viste at foreldra gjerne kunne tenkja seg å skifta til bokmål, men det vart ikkje til det den gongen. Den nokolunde samla oppfatninga tyder på at tendensen i år heller mot det motsette.

Per Olav Foseide er rektor på Halsa barne- og ungdomsskule, der skulemålet framleis er nynorsk. Han òg observerer ei lite tilstadeverande opprørsstemning med tanke på at dei gjerne lyt skifte til bokmål etter folkerøystinga.

– Det store initiativet har vel ikkje vorte teke enno, men kanskje det endrar seg nærare valet? Uansett så blir eg ikkje overraska om det endar med bokmål. Sjølv om elevane her skriv nynorsk og oppnår gode resultat i barneskulen, så er det mange som skiftar til bokmål når dei kan velja på ungdomsskulen.

 

Førre artikkelØyremerking
Neste artikkelMeir til samanslåtte kommunar

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...