Heim Nyhende Auka valfridom og sterkare klasseleiing

Auka valfridom og sterkare klasseleiing

Den nye stortingsmeldinga for ungdomstrinnet legg opp til at ungdomsskuleelevane skal få meir praktisk undervising og høve til auka valfridom i skulekvardagen.

Meldinga er den første for ungdomstrinnet på mange år, og regjeringa legg opp til at elevane i større grad skal kunne velja fag. I 2012 vil dei få 1,5 timar i veka med valfag. Innan 2014 skal det aukast til 4,5 timar, og elevane skal kunne velja mellom 10-12 ulike fag. Forsøka som har vore med arbeidslivsfag, skal også utvidast i åra framover.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen har dessutan teke ønsket om meir variert og praktisk undervisning ad notam, og legg mellom anna opp til meir virtuell opplæring i matematikk, som saman med lesing er faget det skal satsast sterkast på framover.

Det er ikkje berre elevane sin kvardag som vil bli endra som følgje av den nye stortingsmeldinga. Det skal også satsast på å gjera lærarane til betre klasseleiarar gjennom eit eige femårsprogram for klasseleiing. Strategien for å betra klasseleiinga inneber mellom anna tydeleg formidling av prioriterte mål, bruk av indikatorar for å følgja opp resultat og samarbeid med lokale høgskular som kan gi fagleg støtte.

Det er ikkje sagt noko nytt om sidemålsundervisning i stortingsmeldinga, men det står at det i den nye læreplanen, som skal vera ferdig i 2014, tydeleg skal definerast kva krav som vert stilte til hovudmål og sidemål. Stortingsmeldinga seier også at sidemålsundervisninga bør ha andre grunngjevingar enn dei reint språkpolitiske.

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...