Heim Nyhende Sommarsnakk med Valgerd Svarstad Haugland

Sommarsnakk med Valgerd Svarstad Haugland

Påtroppande fylkesmann Valgerd Svarstad Haugland veit om ein alternativ yrkestittel som høyrest ganske kul ut!

Namn: Valgerd Svarstad Haugland

Alder: 54 år

Yrke: Kyrkjeverje i dag – komande fylkesmann i Oslo og Akershus

Skal bruke sommaren til: I år blir det ferie i Noreg. Tur om Sørlandet, ei god veke i Hardanger hos mor med tur til Baroniet i Rosendal, Shakespeare-festival og konsert. Trøndelag med Olavfestdagar og Stiklestadspel, Hurtigruta frå Trondheim til Stamsund med vitjing til Hamsun-senter og Petter Dass-senter. Vi avsluttar med sykling på Rallarvegen!

Gratulerer med ny jobb! Kva forventingar har du til jobben som fylkesmann? Eg gler meg til nye utfordringar. Trur det blir både krevjande og morosamt i tillegg til utfordrande, akkurat slik eg likar det.

Kva forventingar skal innbyggjarane ha til deg i embetet ditt? At eg skal gjera ein god og rettferdig jobb for dei.

Er det greitt for deg at du no er fylkesmann, eller kunne du tenkt deg ein meir kjønnsnøytral tittel? Eg bryr meg ikkje så veldig, men synes jo eigentleg den svenske tittelen, lenshøvding, er veldig kul!

Korleis opplever du sidemålsdebatten som har kome i kjølvatnet av Høgre sitt vedtak om å kutte ut sidemålseksamen i vidaregåande skule? Eg blir ganske oppgitt over at også Høgre har lagt seg på den populistiske lina. Det hadde eg ikkje venta og det skuffar meg.

Kva er ditt forhold til nynorsk? Det er mitt språk, men eg skriv bokmål like lett.

Korleis tar du språket med deg inn i arbeidet ditt som fylkesmann? Får eg brev på nynorsk svarer eg på nynorsk, brev på bokmål får svar på bokmål. Eg brukar oftast nynorsk i e-post. Dialekten min og mitt munnlege språk blir slik det alltid har vore, med dei endringane som kjem etter over 30 år i Oslo/Akershus.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...