Heim Nyhende Sommarsnakk med Atle Hansen

Sommarsnakk med Atle Hansen

Atle Hansen balanserer kvardagen sin mellom å vere journalist, forfattar og musikar. Sistnemnde blir det for lite av, synest han.

Namn: Atle Hansen

Alder: 56 år

Yrke: Journalist, forfattar og musikar

Bruker sommaren til: Aller helst rekande rundt i båtparadiset Sunnhordland.

Du driv både med lokalavis, bøker og musikk. Korleis balanserer du dette? Eg er tilsett i halv stilling i avisa Sunnhordland, etter mange år som heiltidsjournalist. Annakvar veke er eg journalist, dei andre frifant. Då reiser eg mykje på turnear for Den kulturelle skulesekken med program der eg både brukar litteratur, munnleg forteljing og songar. Når eg har tid til det skriv eg bøker. Musikk vert det diverre minst av.

Kva ser du først og fremst på deg sjølv som? Journalist,forfattar eller musikar? Eg har alltid sett på meg sjølv som songar, faktisk. Men eg er nok mest forfattar og journalist. Aller mest er eg vel ektemann og far. Det er viktigast òg.

Kva var det som fekk deg til skrive di første bok (Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill)? Eg har “alltid” skrive, utan å få det heilt til. Etter å ha sett ei amatørframsyning av “Tolvskillingsoperaen” fekk eg ideen om å plassera Sjørøvar-Jenny i ein ny samanheng. Eg tenkte å skriva ein song, men det vart ei bok i staden.

Det har blitt fleire barnebøker. Korleis er det å skrive for barn? Nett som å skriva for vaksne, men det tek litt kortare tid, då bøkene faktisk er kortare. Eg tenkjer ikkje så mykje på dette. Nokre forteljingar høver for born, andre for alle. Forteljing, stil, språknivå og slikt heng saman og kjem fram gjennom skriveprosessen. Oftast endar det som spenningsbøker for 10-12 åringar. Ei aldersgruppe det elles vert skrive alt for få bøker for på nynorsk.

Kor viktig er språket for deg som journalist? Forfattar? Musikar? Det seier seg sjølv. Utan språk var eg ingen av delene.

Kvifor nynorsk som skriftspråk? Eg lærte nynorsk på skulen. Eg kan ikkje noko anna skriftspråk. Nynorsken er ein del av meg og eg er ein del av nynorsken. Sidan språket er ein så viktig del av eit menneske sin identitet, opplever eg difor alle åtak på nynorsk som eit åtak på meg. Det er merkeleg at folk som snakkar  høgt om kulturelt mangfald i Noreg, gjerne motarbeider eller er avvisande til nynorsk og difor oss som brukar det.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...