Heim Nyhende Nynorsk kan tape i Skåbu

Nynorsk kan tape i Skåbu

I dag avgjer innbyggjarane i Skåbu i Gudbrandsdalen om skuleelevane skal ha nynorsk eller bokmål som hovudmål.

Skåbu ligg i eit tradisjonelt nynorskområde, men ei gruppe av foreldra meiner barna deira blir forvirra av å lære nynorsk på skulen når det er så mykje bokmål elles i samfunnet.

– Vi meiner det er feil at opplæringsmålet er nynorsk, når det for mange elevar kjennest vanskeleg og unaturleg, seier Anne Mari Lo til NRK. Ho kjempar som mor og forelder for bokmål som hovudmål på skulen.

Foreldra fekk samla nok underskrifter til at det i dag blir halde ei rådgjevande folkerøysting om saka i den vesle fjellbygda i Nord-Fron kommune.

– Halvparten av elevane snakkar tett ved bokmål, og dialekta ligg midt i mellom. Nesten alt ungane møter utanom skulen er på bokmål. Då blir det lettare å lære bokmål , meiner Lo.

Det er det ikkje alle foreldra som er samde i.

– Det er viktig å ta vare på dialekta vår. Ho er jo alltid i endring, men eg trur ho blir endra fortare viss vi innfører bokmål. Vi synest ikkje det er noko mål i seg sjølv å bli mest muleg lik alle andre, slår far Kristian Ekre fast.

Også i Otta, som ligg i Sel kommune i Oppland, skal det haldast folkerøysting om hovudmålet i løpet av dette skuleåret, kan NRK fortelje.

– Vi er uroa over at bokmålet spreier seg nærare og nærare kjerneområde for nynorsken. Vågå, Lom og Skjåk er siste skanse på Austlandet, seier Even Lusæter, som er leiar i Austmannalaget, lokallaget til Noregs Mållag.

Det har vore rundt 20 folkerøystingar om skulemål i ulike fylke dei siste fem åra. 60 prosent av desse har enda i vedtak om å gå over til bokmål, ifølgje NRK.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...