Heim Nyhende Wikipedia blir samla på ein portal

Wikipedia blir samla på ein portal

Frå i morgon kan du velja om du skal søkje på bokmål, nynorsk eller samisk på wikipedia.no. – Dette blir ein merkedag for nynorsk Wikipedia, slår styreleiar i Wikimedia Norge, Jarle Vines, fast.

Det blei vedtatt på årsmøtet til Wikimedia i april i år at bokmål, nynorsk og samisk skulle samlast på ein portal.

– At wikipedia.no peikar på bokmålsutgåva impliserer at Wikipedia på bokmål er ‘Wikipedia på norsk’. Med tanke på at det eksisterer tre ulike språkversjonar av Wikipedia retta mot Noreg – samisk, nynorsk og bokmål, så er einaste rimelege løysing at wikipedia.no peikar til ei felles side for desse tre, blei det uttala i debatten på årsmøtet.

Wikipedia på bokmål har i dag over 310 000 artiklar og er den mest besøkte kunnskapsnettstaden i Noreg. Wikipedia på nynorsk har eksistert sidan 2005, har over 72 000 artiklar og er dermed den mest omfattande kunnskapsnettstaden på nynorsk. Samisk Wikipedia er det minste av dei norske Wikipedia-prosjekta og har i overkant av 3 600 artiklar. Samisk Wikipedia er det einaste oppslagsverket på samisk, fortel Wikimedia Norge i ei pressemelding.

– Det er gledeleg at brukarar av wikipedia.no nå får enklare tilgong til utgåvene på nynorsk og samisk. Mange veit ikkje at desse utgåvene eksisterer, og meir trafikk til desse vil igjen føre til auka vekst. Wikimedia Norge er opptatt av å støtte alle Wikimedia-prosjekt, seier styreleiar Jarle Vines i ein kommentar i pressemeldinga.

Vil ha fleire til å bidra

Wikimedia Norge ønskjer at fleire i nynorskmiljøet skal vere med og bidra på wikipedia.no.

– Vi burde hatt fleire bidragsytarar til nynorsk Wikipedia. Vi har vore i kontakt med nynorskmiljøet, men har ikkje fått all verdas respons. Mellom anna har vi vore i kontakt med målungdommen. Viss folk ønskjer å bevare nynorsken og ha ein levande stad der folk bruker nynorsk, må dei engasjere seg. Dei kan ta kontakt med Wikimedia Norge og så får dei kurs og opplæring, oppmodar Jarle Vines.

– Vi har nettopp hatt opplæring av folk i Frp-miljøet og Vi over 60, legg han til.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...