Heim Nyhende Rekordmange brukar MinID

Rekordmange brukar MinID

Stadig fleire av oss vel elektronisk sjølvbetening i staden for å stå i kø på offentlege kontor.

Aldri før har ein elektronisk ID i Noreg hatt så mange brukarar som MinID. I løpet av sommaren lyder rekorden på 2,6 millionar, melder Difi.

Og det store antall brukere speglar ein stor auke i bruk av offenteige tenester på nettet. Totalt i år har vi logga oss inn til saman over 15 millioner gongar til ulike offentlege tenester, og det er meir enn i heile fjor til saman.

Hans Christian Holte i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) er svært fornøgd med at så mange har byrja bruke ID-løysinga Min ID, som er ein føresetnad for å få bruke mange av dei offentlege tenestene elektronisk.

Han seier MinID gjer det lettare for folk å ha kontakt med det offentlege fordi vi slepp oppmøte og kø, og fordi vi slepp å styre med mange ulike innloggingsløysingar. Staten og kommunane sparar dessutan tid og pengar på automatisering av saksbehandling.

– I dag er det omlag 187 statsetatar, kommunar og fylkeskommunar som tilbyr folk nettenester med innlogging med MinID. Og vi jobbar stadig for å få fleire til å ta i bruk fellesløysinga, sier Hans Christian Holte.

Du kan finne skatteoppgjeret ditt, søke plass på skule, barnehage, SFO og kulturskule og motta tenester frå NAV via MinID, mellom anna. Ti kommunar har dessutan fått prøve førehandsrøysting via internett ved kommune- og fylkestingsvalet gjennom MinID. Ifølgje Kommunal- og regionaldepartementet er meir enn 80 prosent av stemmene i desse kommunane gitt over internett.

Det nye no er at MinID har fått selskap av to nye elektroniske ID-ar (e-ID) i ID-porten, som er namnet på innloggingsløysinga: e-ID på smartkort fra Buypass AS og e-ID på USB-pinne (”minnepinne”) fra Commfides. Etter første halvår er det registrert 362.000 smartkort fra Buypass med høgaste tryggleiksnivå. Commfides er førebels ikkje mykje brukt.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

Fem bibliotek kan bli nynorskfyrtårn

På landsmøtet i Noregs Mållag i helga lanserer direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark ei ny satsing på nynorskformidling i...

Tips til digital litteraturformidling på nynorsk

Kreativiteten i den digitale litteraturformidlinga blømer i desse koronatider! Utlånet av digitale bøker har auka dramatisk etter at biblioteka stengde. Her har me samla fleire tips...
Foto: Colourbox

Her finn du digitale skuleressursar på nynorsk

Her får du hjelp til å finna digitale ressursar på nynorsk til bruk i skulen. Stengde skular og digital heimeskule viser kor viktig det...

MEST LESE

Velkommen til landstinget til LNK på Stord 22.-23. september!

Landssamanslutninga av nynorskkommunar ønskjer velkommen til landsting på Stord 22.-23. september på Stord Hotell.  Landstinget er utsett frå juni,...

– Nynorsk må inn i rammeplanen for barnehagane

Professor Eli Bjørhusdal ved Høgskulen på Vestlandet meiner det manglar eit fagpolitisk medvit om nynorsk i barnehagane, og etterlyser ei stadfesting av...

Nynorske barnehagar les og syng framleis mest på bokmål

70 prosent av barnehagane i nynorskområde syng minst éin song om dagen på bokmål, kjem det fram i Barnehageundersøkinga 2021.

Mållagsleiaren: – Nyheitssendingane er siste skanse der folk kan høyre korrekt nynorsk

Leiaren i Noregs Mållag meiner NRK må passe på så dei ikkje hòlar ut praksisen med normert språk i for stor grad...