Forfattar Bjørn Sortland fekk i førre veke Aschehougprisen for sin rikhaldige forfattarskap for barn og unge. Det er første gong ein barne- og ungdomsbokforfattar får denne prisen.
Aschehougprisen blei delt ut for første gong i 1973, i samband med forlaget sitt 100-årsjubileum. Æresprisen blir gitt utan at det blir tatt omsyn til kva forlag forfattaren er knytta til. Norsk kritikerlag sitt styre peikar ut vinnaren.
Prisen er på 100.000 kroner. I grunngjevinga for å gi prisen til Sortland skriv Arbeidsutvalget i Norsk kritikerlags litteraturseksjon:
”Møte med billedkunst har blitt et karaktertrekk ved dette forfatterskapet. Hans hovedpersoner anvender nesten systematisk kunsten for å tolke sine egne liv: Pubertet, løsrivelse, møte med døden, redselen for å miste synet, uro foran barnefødsler, melankoli ved foreldrenes skilsmisser. På den måten har forfatterskapet både blitt en inngang til fin billedkunst, og en anerkjennelse av kunstens betydning for livet.”
Bjørn Sortland blei fødd i Bergen i 1968 og har vakse opp på Bømlo. Han er utdanna sosionom og har studert ved Skrivekunstakademiet i Bergen. Han debuterte med barneboka «Det er ikkje natta» i 1992. Sidan har han skrive 40 bøker for barn og ungdom. Bjørn Sortland sine bøker er omsett til rundt 20 språk og han har mottatt mange norske og internasjonale litteraturprisar. Sidan 1998 har han jobba som forfattar på heiltid.
Bjørn Sortland var festspeldiktar under dei 20. nynorske festspela i Ørsta og Volda i sommar. Det kan du lese meir om her. På denne sida kan du lese om alle hans utgjevingar og sjå kva prisar han har vunne sidan debuten.