Heim Nyhende – Vi har fått større medvit om orda

– Vi har fått større medvit om orda

22. juli har endra kommunikasjonen i Noreg, meiner styreleiaren i Norsk kommunikasjonsforening, Astrid Bugge Mjærum. – Eg trur vi har fått større medvit om kva ord vi vel å bruke, både i det private og det offentlege rommet.

– Eg opplever at kommunikasjonen er endra. Denne endringa trur eg vil bli både kortvarig og langvarig, slår Bugge Mjærum fast.

– Vi er ekstra prega nå, så andre typar haldningar enn dei som det norske folket liker å vise, som til dømes negative haldningar til det fleirkulturelle samfunnet, høyrer vi ikkje så mykje. Desse haldningane kjem fram igjen, men eg trur vi kjem til å vere sterkt prega gjennom heile valkampen og hausten, held ho fram.

Ho trur terrorhandlingane 22. juli kjem til å få ei følgje for korleis vi snakkar til kvarandre også på lenger sikt.

– Eg trur oppriktig at vi har fått større medvit om korleis vi kommuniserer, kva ord vi bruker, og at dette kjem til å bli ei varig endring, seier Astrid Bugge Mjærum, som til dagleg jobbar som kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

– Når ein er i ein krisesituasjon, blir ein flinkare til å setje ord på ting. Alt blir så ekte. Ein har ikkje noko val. Ein kjenner det sjølv. Kommunikasjonen blir også meir ærleg.

Varsam og verdig

Vidare bruker ho ord som dempa, varsam og verdig om kommunikasjonen etter terroråtaka.

– Det har vore fantastisk å sjå folk stå opp, både som enkeltindivid og i kraft av dei rollene dei har. Det har vore oppriktig engasjement frå botn til topp. Vi har fått ei fellesskapskjensle og ein vilje til å vise fram kva vi synest er viktig i Noreg.

Som styreleiar i kommunikasjonsforeininga synest ho det er bra at vi nå har fått fokus på debattklimaet i Noreg.

– Sjølve orda har blitt viktigare. Til og med Carl I. Hagen går ut og ber om orsaking, og dét ser vi ikkje ofte. Orda har fått ein enorm verdi, og det er jo spennande for oss som jobbar med kommunikasjon, peikar Bugge Mjærum på.

Auka engasjement

Endringa har ikkje berre skjedd i det offentlege rommet.

– Folk blir oppmoda til å bruke viljen sin til å seie imot. Haldningar som at det ikkje er vits, at ein ikkje gidd eller orkar å engasjere seg, trur eg har blitt utfordra. Folk tenkjer over at det har noko å seie kva den einskilde vel å bry seg med, seier styreleiaren i kommunikasjonsforeininga.

Fredag 22. juli las Astrid Bugge Mjærum ferdig Alf R. Jacobsen si bok, «Kongens nei». Boka handlar om dei første dagane etter at tyskarane hadde invadert Noreg i april 1940, og om Kong Haakon sitt kategoriske nei til å overgje landet til tyskarane.

– Då var Noreg i krise, og i den krisesituasjonen blei det ei utfordring for regjeringa og kongehuset å takle krisa i høve rollefordeling og samspel. Etter 22. juli 2011 har denne rollefordelinga og samspelet mellom regjering og kongehus fungert svært bra. Måten krisa har blitt handtert på, har verka samlande på landet og folket, slår ho fast.

Viktig rollefordeling

Bugge Mjærum skriv i eit innlegg på Norsk kommunikasjonsforening sine nettsider etter terroråtaka:

– Vi vet ikkje i dag kva vurderingar Stoltenberg og Kongehuset gjorde i dei første timane. Men vi ser at dei første orda hadde stor verdi. Dei var utslagsgjevande. Rosetoga, fellesskapet i møte med menneske og i dialogar på nettet, og viljen til å stå opp for felles verdiar er vanskeleg å sjå for seg dersom leietrådane og orda hadde vore annleis.

Nå er Bugge Mjærum spent på kor lenge vi kjem til å vere varsame og verdige når vi snakkar med og til kvarandre.

– Det blir veldig interessant å sjå kor lenge denne mellombelse tilstanden varer. Ein ønskjer å begynne å leve eit normalt liv igjen. Vi er i ei brytingsfase nå. Eg trur situasjon varer heile hausten, at medvitet om orda blir varig, og at haldningane som ikkje kjem fram i dag, kjem opp att seinare, seier ho.

Som kommunikatør og representant for andre kommunikatørar ønskjer ho meir openheit og gjennomsiktige tilhøve.

– Reint kommunikasjonsfagleg i debatten om debattklima så har jo kommunikatørar ein spesiell kompetanse til å bidra til å betre debattklimaet. Vi kan bidra som fagpersonar, sluttar styreleiaren i Norsk kommunikasjonsforening.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...