Heim Nyhende Samarbeid om etisk rekruttering

Samarbeid om etisk rekruttering

Arbeidsgjevarar og arbeidstakarar vil ha slutt på uetisk rekruttering av helsepersonell frå utlandet.

Arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter, Fagforbundet og Sjukepleiarforbundet har no innleia eit samarbeid basert på ein avtale frå 2008. Denne avtalen er eit felles dokument for etisk rekruttering av helsepersonell mellom dei europeiske landa. Føremålet er mellom anna å hindre såkalla brain drain, hjernetørke på norsk.

Sosial dumping

– Det viktigaste er å motverke aggressiv rekruttering av helsearbeidarar frå land som treng ressursane sine sjølve, seier Lisbeth Normann, leiar i Norsk Sjukepleiarforbund, til Ukeavisen Ledelse. Ho peiker på rekrutteringa som Storbritannia, Australia og Canada driv i det sørlege Afrika, som særleg aggressiv. Men også norske kommunar og vikarbyrå hentar sjukepleiarar frå Latvia, Litauen, Polen og Filipinane, land som gjerne treng kompetansen sjølve.

I tillegg til at ein ikkje skal utarme andre land sine ressursar, må samarbeidspartane dessutan syte for å unngå sosial dumping. Det vil seie at utanlandske arbeidarar ikkje må få dårlegare løns- og arbeidshøve enn det norske tilsette får, seier Normann.

Jobbe meir

Men det er ikkje berre omsynet til dei utanlandske arbeidstakarane som speler inn i dette bildet, seier kommunikasjonsdirektør Gunnar Larsen i Spekter. Ein må også sjå på problematikken knytt til fallande arbeidsdeltaking hjå norske helsearbeidarar.

– Viss sjukepleiarane i helseføretaka hadde jobba like mange timar i snitt i 2010 som dei gjorde i 2002, hadde vi faktisk hatt mellom 1300 og 1500 fleire årsverk i norsk helsevesen. I ei røynd der behovet for helsetenester aukar sterkt, er det klart at ein auke av arbeidstida hjå dei deltidstilsette som vi allereie har i landet, vil avgrense behovet for arbeidskraft utanfrå, seier han til Ukeavisen Ledelse.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...