Heim Nyhende Best på skule

Best på skule

Ambisjonane er høge i Vågå: Dei skal bli best i landet på skule.

I fem år skal Vågå-skulane jobbe ut frå det som no heiter Vågåmodellen, ein modell basert på kultur- og realfagskompetanse og livsmeistring. Modellen er utarbeidd av professor i musikkvitskap Jon Roar Bjørkvold.

Sterke krefter

– Vi ønskjer å utvide innhaldet i skulen og gje barna meir enn det vi er pålagde. Det gjer vi gjennom å styrkje dei praktiske og dei estetiske faga, forklarar ordførar i Vågå, Rune Øygard.

– Vi har mellom anna med oss fotografen Morten Krogvold og kokken Arne Brimi på laget for å lære barna nye uttrykksformer og å bruke sansane sine.

Desse skal vere med og styrkje elevane sin kompetanse innafor natur, foto, mat, musikk og handverkstradisjonar. Også grunnkompetansen innan lesing, rekning, skriving og IKT skal få eit løft, og til det har Vågå kommune fått hjelp frå IKT-bransjen, representert ved Intel, Microsoft og Atea

Eigen PC

Å få med krefter utanfor eigen administrasjon til eit slik skuleløft er avgjerande, meiner ordføraren, som synest det at slike nestorar innan sine bransjar blir med, vitnar om at investorane sjølve ser ein verdi i dette prosjektet. Reint praktisk inneber denne satsinga at alle tredjeklassingane i Vågå får sin eigen spesialtilpassa PC med programvare, medan elevane på dei andre trinna får høve til å kjøpe programvaren til ein rimelegare pris.

– Skuleboka er framleis den viktigaste reiskapen i Vågå-skulen, seier Øygard. – Men med desse PC-ane får vi høve til å utvide læringa enno meir.

Også fysisk fostring får sin plass i den nye skulesatsinga. Målet er å finne arenaer der funksjonssvake elevar kan få ei oppleving av meistring og prestasjonar. Også kulturskulen skal involverast og bli ein naturleg part i Vågå-elevane sin skulekvardag.

Omprioriteringar

Denne satsinga vil sjølvsagt koste Vågå kommune. Sjølv om prosjektet har fått med eksterne bidragsytarar, vil det merkast på dei kommunale budsjetta.

– Vi har prioritert dette høgt, og då betyr det at vi har prioritert ned noko anna, seier Rune Øygard. Desse økonomsike prioriteringane har det ikkje berre vore semje om i Vågå. To grendeskular er mellom anna lagde ned fordi dei vart for små, medan nye Vågåmo skule opna i 2011. Men sjølve satsinga på skule er det brei semje om, seier ordføraren.

Draumebildet

Prosjektet, som har fått namnet Vaken og Vågal i Vågå, har ei tidsramme på fem år. Ordføraren håpar ein vil sjå resultat i form av auka sjølvtillit hjå ungdommane, eit styrkt omdømme for Vågå kommune og fleire tilflyttarar til kommunen.

– No er vi i den situasjonen at vi faktisk har oppgang i folketalet, og vi har no det høgaste folketalet på seks år, seier ordføraren. – Men i utviklinga av ein sterk Nord-Gudbrandsdalsregion blir vi i Vågå små , og vi må gjere jobben sjølve. Draumebildet er derfor gode fagfolk og gründerar som ønskjer å flytte til Vågå mellom anna fordi dei får eit godt skuletilbod til ungdommane sine der.

– Vi ser truleg allereie ein effekt av skulesatsinga, trur ordføraren. – I år er det få ledige stillingar i Vågå-skulane framføre kommande skuleår. Og til dei ledige stillingane som finst, er det svært mange og gode søkjarar. Vi tolkar det som at dei som er her, vil bli, og at dei som søkjer, har lagt merke til den satsinga vi jobbar med.

Må levere

Til sjuande og sist er det dei unge det handlar om, seier Øygard. Han trur dessutan at ei investering i skuleelevane vil styrkje sjølvkjensla til kommunen og på sikt få ungdommane tilbake til kommunen.

– Å investere i barn og unge er noko av det viktigaste vi gjer, seier han, og medgjev samstundes at den satsinga kommunen no står framføre, vil bli krevjande. – Folk vil følgje med oss, og vi blir nøydde til å levere. Vi bør ikkje skåre dårleg på nasjonale prøver no framover, for å seie det slik.

 

Fakta: Vågal i Vågå

Vågå kommune satsar på å skape Noregs beste skule

Hovudsakleg finansiert ved omprioritering av kommunale midlar. Prosjektet har fått noko økonomisk støtte frå Fylkesmannen og støtte i form av kompetanse og tilgang til gratis eller prisredusert utstyr.

Prosjektet har tilsett Hanne Blåfjelldal, tidlegare politisk rådgjevar for Frp si stortingsgruppe, som prosjektleiar.

 

 

 

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...