Heim Nyhende Vegvesenet med klarspråksblogg

Vegvesenet med klarspråksblogg

Statens vegvesen har oppretta ein eigen klarspråksblogg for å dele informasjon med andre som driv med klarspråksarbeid. Vegvesenet opnar for innspel, kommentarar og diskusjon både om klarspråk generelt og det konkrete arbeidet dei gjer.

Dette fortel Språkrådet på prosjektet Klart språk i staten sine nettsider.

– Hensikta er å dele informasjon med andre som jobbar med klarspråksprosjekter for å støtte opp om delekulturen som eksisterer i «morprosjektet» Klart språk i staten. Vi håpar også på innspel på dei mange spørsmåla vi har. Får vi dialog med brukarane våre i tillegg, er det sjølvsagt ein bonus. Alle kommentarar og innspel tar vi imot med opne armar, og vi synest det er supert at folk engasjerer seg, seier Statens vegvesen sjølv om bloggen sin.

Bloggen fekk over 3 500 besøk dei første vekene.

– Vi ønskjer også at tilsette skal få mulegheita til å prøve seg i å skrive klart, og vi oppmodar spesielt dei som bidrar i klarspråkprosjektet om å skrive, men også andre. Førebels har vi ei fin liste av interesserte som vil bidra. Vi har også fått med oss nokre leiarar som skal skrive, og det er spennande, slår vegvesenet fast.

I vegvesen-bloggen fortel Inger Lise Sagmo at 100 sakshandsamarar i Statens vegvesen skal på kurs for å lære å skrive klart og tydeleg nå i haust.

Slik definerer Språkrådet Klart språk i staten-prosjektet sitt:

Kva er klarspråk?
Med klarspråk meiner vi korrekt, klart og brukartilpassa språk i tekstar frå det offentlege.

Kvifor klarspråk?
Informasjon frå det offentlege skal vere forståeleg for alle. Då er det særleg viktig at språket er klart og tilpassa brukarane.

Det er ikkje alltid mogleg å uttrykkja seg krystallklart. Styresmaktene må ofte handtera komplekse saker, og det kan vere mange grunnar til at dei må ta atterhald og bruke runde talemåtar. Men i dei aller fleste tilfelle har styresmaktene alt å vinne på å uttrykkje seg klart og forståeleg. Klarspråk hjelper bodskapen fram.

Ikkje forenkling same kva det kostar
Å uttrykkja seg klart tyder ikkje å forenkle språket same kva det kostar. Forenkling skal ikkje føre til fattig og unyansert språk. Ikkje alle tekstar kan vere enkle, og ikkje alle tekstar kan vere frie for fagspråk. Det viktige er at teksten er tilpassa mottakaren.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...