Simen Bjørgen begynte 1. oktober som ny direktør for den ideelle stiftinga Norsk Kulturarv.
Bjørgen gjekk nyleg av som ordførar i Lom kommune.
Styreleiar Inger-Lise Skarstein opplyser i ei pressemelding at ho på vegner av styret i stiftinga, er sikker på at tilsetjinga vil føre til ei positiv utvikling for Norsk Kulturarv.
– Tilsetjinga vil føre til nye kontaktar og nye mulegheiter for oss, peikar styreleiaren på.
Hovudfokus nå blir å auke talet på bedrifts- og næringsmedlemer og inngå avtaler med nye samarbeidskommunar.
– Simen Bjørgen har lang erfaring frå leiarstillingar i næringslivet, samt gjennom vervet som ordførar i Lom kommune, så eg er sikker på at dette blir ei god løysing for oss, meiner Skarstein.
– Næringsutvikling med grunnlag i kulturarven, er stadig aktuelt, og gir store mulegheiter. Betydninga av Norsk Kulturarv sitt motto vern gjennom bruk, har aldri vore meir aktuelt enn nå, avsluttar Skarstein.