Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) arrangerer i oktober ein nasjonal kampanje for informasjonssikring.
Saman med samarbeidspartnarar vil kampanjen ta for seg radioreklame, gje råd om kvifor og korleis du skal oppdatera program på PC og Mac.
NorSIS jobbar til dagleg med å gjera brukarar medvitne på truslar, opplysa om tiltak og påverka til gode haldningar innan informasjonssikring.
Medan det i USA har blitt arrangert ein nasjonal haldningskampanje årleg sidan 2004, er EU i planleggingsfasen for ein tilsvarande kampanje i 2012, melder www.norsis.no.
Målet med haldningskampanjen er å oppfordra alle til å vedlikehalda og ivareta eigne datamaskinar.
Les meir om informasjonssikringskampanjen på www.norsis.no og finn gode tips til korleis du kan sikra din maskin på http://sikkert.no/