Heim Nyhende Siste frist for Samhandlingsreformen

Siste frist for Samhandlingsreformen

Innan 31. januar neste år må kommunale og statlege helseføretak ha inngått avtaler som skal sørgje for at kriteria for den mykje Samhandlingsreformen blir ivaretekne.

Samhandlingsreformen vil føre til at kommunane skal ta eit større ansvar for den fysiske og psykiske helsa til innbyggjarane sine. Ein del av tenestene som sjukehusa tidlegare har hatt ansvar for skal overførast til helseføretaka i kommunane.

Den største endringa i pengestraumen i Helse-Norge er at kommunane får eit delvis ansvar for å betale for staten sine sjukehus. Kommunane vil få 13 milliardar kroner av staten – men kommunane bind seg ikkje til å bruke pengane på helse.

Det var dåverande helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen som fekk fleirtal i Stortinget for Samhandlingsreformen sommaren 2009. Reformen kjem til å påverke 200 000 tilsette i kommunale og statlege helseføretak.

Det har blitt peika på mange utfordringar med å klare å gjennomføre Samhandlingsreformen både av kommunane sjølve og fagforbunda til dei yrkesgruppene reformen vil omfatte. Hos Dagens Medisin kan du lese nokre av tankane og bekymringane til fagforbunda. I Aftenposten kan du lese om kva reformen eigentleg betyr.

Samhandlingsreformen trer i kraft frå nyttår, og med dette følgjer ei rekke nye vedtak i lover og forskrifter, skriv Kommunenes Interesse- og Arbeidsgiverorganisasjon (KS). Ei samarbeidsavtale mellom dei statlege og kommunale helseforetaka skal inkludere følgjande: Semje om kva helse- og omsorgsoppgåver forvaltningsnivåa er pålagde ansvaret for og ei felles oppfatning av kva tiltak partane til ei kvar tid skal utføre, retningslinjer for sjukehus-innlegging, retningslinjer for samarbeid om utskrivningsklare pasientar som ein antar har behov for kommunale tenester etter utskriving frå institusjon og nye beredskapsplanar og planar for akuttmedisinsk kjede.

Det er kommunestyret i kommunane som inngår samarbeidsavtalene.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...