Leselystaksjonen er i gang, og i tre veker skal det merkast at det blir lese i norske skular, seier Kathrine Wegge, prosjektleiar i Leselystaksjonen.
Timeplanen skal fyllast med lesing, litteraturquiz og bokmeldingar. Vinnarane får delta i NRKs Superkviss.
Leselystaksjonen er den største fellesaksjonen i landet for å fremja boka og lesegleda hos norske skulebarn.
– Med Leselystaksjonen blir barneboka løfta fram. Leseglede og tekstforståing er ein viktig del av utviklinga til barn. Lystprega lesing legg eit godt grunnlag for all anna læring, seier Wegge.
– Som lærar ser eg at dei barna som har blitt lesne for, har eit forsprang når det gjeld å forstå korleis tekst fungerer. Det er store skilnader i ordforrådet til barn, og erfaringane med høgtlesing heimanfrå er viktige, seier lærar Håvard Tjora, kjent frå tv.
Leselystaksjonen blir arrangert i regi av Bokhandlarforeininga, Forleggjarforeininga og Foreningen les. (©NPK)