Heim Nyhende Fremjer språk- og leseglede

Fremjer språk- og leseglede

Bergetippen barnehage i Aukra jobbar med nynorsk språkstimulering og auka leseglede hjå dei små.

Barnehagen har nyleg delteke i eit prosjekt i regi av Nynorsksenteret i Volda, kor føremålet er å gjere vaksne og barn bevisste på den nynorske litteraturen og språket via bokavtalar, nettspel og tips om formidling av litteratur. Dette året skal dei eldste barna i barnehagen bli kjende med ei ny bok kvar månad, og bøkene skal presenterast i i eiga avis, Solsikkenytt. Målet er å fremje glede over å bruke språket og lese bøker, heiter det i Aukra kommune si kommuneavis.

– Bergetippen har arbeidd mykje med identitet gjennom tema nærmiljø, bygda mi og kommunen min. Språk er nært knytt til identitet og må lærast tidleg. Dei fleste barn i barnehagen skal bruke nynorsk når dei tek til på skolen, så målet med prosjektet er mellom anna at barna skal vere fortrulege med nynorsk når dei tek til i 1.klasse, seier styrar Brit Drejer i avisa.

Aukra kommune har nynorsk som administrasjonsspråk og vart medlem i LNK tidlegare i år.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...