Heim Nyhende Fleire kan søkje om å byte fylke i Aust-Agder

Fleire kan søkje om å byte fylke i Aust-Agder

Fire grensekommunar vest i Aust-Agder har allereie søkt seg til Vest-Agder. Nå kan grensekommunar i aust også kome til å søkje fylkesbyte.

MannPåtroppande Gjerstad-ordførar Kjell Trygve Grunnsvoll frå Senterpartiet trur at Aust-Agder er i ferd med å bli splitta opp. Sjølv ser han austover.

– Søknadene frå kommunane som søkjer seg mot Vest-Agder, gjør at vi ser meir mot aust. Det er det inga tvil om, seier han til NRK Sørlandet.

Fleire av kommunane aust i Aust-Agder vil kunne følgje Gjerstad.

– Viss Kommunal- og regiondepartementet skulle seie ja til søknadene frå Lillesand, Iveland, Birkenes og Evje og Hornnes kommune, er det også naturleg for oss å sjå mot Telemark igjen, seier ordføraren i Åmli, Reidar Saga.

Anja Hjelseth som er politisk rådgjevar i Kommunal- og regiondepartementet, legg ikkje skjul på overfor NRK at det som nå skjer i Aust-Agder er ei vanskeleg sak for departementet.

– Det er klart at dette ikkje er noko enkel sak. Det viktigaste for oss er at vi får sjå heilskapen og at vi har ei ordentleg utgreiing av kva dette betyr for Aust-Agder som fylke, seier ho.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...