Heim Nyhende Stipend til masteroppgåve av Norsk Ordbok 2014

Stipend til masteroppgåve av Norsk Ordbok 2014

Norsk Ordbok 2014 lyser ut eit masteroppgåvestipend på 15 000 kroner. Stipendet skal gå til ein student i norsk språkvitskap som bruker materiale frå dei nynorske leksikografiske samlingane i masteroppgåva si.

Det er laga eit større oversyn over aktuelle emne og framlegg til masteroppgåver som tek utgangspunkt i materialet. Oversynet er tilgjengeleg på nettsidene til Norsk Ordbok 2014 Du kan også ta kontakt med Norsk Ordbok 2014 ved førstekonsulent Andreas Tandberg.

Norsk Ordbok er eit tolvbands ordboksverk som gjev ei uttømmande og vitskapleg framstilling av ordtilfanget i dei norske dialektane og i det nynorske skriftmålet.  Ordboka byggjer på ordbøkene til Ivar Aasen, Hans Ross og Steinar Schjøtt. I tillegg er ordboka bygd på eit eige arkiv med om lag 3,2 millionar ordsetlar som er samla inn av frivillige medarbeidarar over heile landet. Redaktørane bruker òg ei omfattande samling av elektroniske tekstar frå nynorsk sakprosa og skjønnlitteratur i arbeidet sitt. Dette tekstkorpuset inneheld 37 millionar ord og omfattar tekstar frå Ivar Aasen til Jon Fosse.

Norsk Ordbok vil liggje føre komplett i 12 band til grunnlovsjubileet i 2014. Kvart band er på 800 sider og omfattar om lag 25 000 oppslagsord. Til saman kjem ordboksverket til å innehalde rundt 300 000 oppslagsord når det er ferdig. Med siste utgjeving, band 9, dekkjer verket oppslagsorda frå a og til og med ordet skodda.

Norsk Ordbok blir laga av prosjektet Norsk Ordbok 2014, som held til ved Universitetet i Oslo. Prosjektet er finansiert av Kulturdepartementet og universitetet. Banda blir utgivne av Samlaget, og Noregs forskingsråd gir støtte til trykkinga.

På Noregs Mållag sine nettsider kan studentar som er interesserte i å søkje om masteroppgåvestipendet lese om korleis dei skal gjere det.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...