Fjell kommune i Hordaland vart i dag utnemnd til Årets nynorskkommune. Kommunen fekk prisen på 100 000 korner og eit bilde av kunstnaren Alf Christian Hvaring under ei tilstelling på Det norske teatret i kveld.
Juryen peiker på at Fjell kommune legg stor vekt på godt språk hjå dei tilsette og at deii driv aktivt språkarbeid i barnehage og skule. Juryen har vidare lagt vekt på at kommunen er i sterk vekst og har stor tilflytting frå Bergen. Det fører til at kommunen er under sterkt språkleg press.
– Eg vil gratulere Fjell kommune med prisen Årets nynorskkommune 2011, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i ei pressemelding.
– Juryen har vurdert kandidatane grundig. Dei meiner Fjell kommune syner ei medviten haldning til nynorsk språk. Nynorsk er ei fagleg rettesnor og eit strategisk verkemiddel i kommunen. Eg håpar prisen vil styrkje nynorsk både i Fjell og i andre kommunar i Hordaland, seier Navarsete.
– Fjell har det siste året fått mykje merksemd i media etter at dei viste at heile 81 prosent av skriv til kommunen frå statlege organ i ein gitt periode var skrivne på bokmål. Mållova slår fast at Fjell som nynorskkommune skal ha alle slike skriv på nynorsk.
Juryen ynskjer også å heidre Vinje kommune i Telemark. Vinje får rosande omtale av juryen og eit bilete av Kristian Finborud.