Heim Nyhende Stolt ordførar i Fjell

Stolt ordførar i Fjell

– I dag er eg stolt! Tenk å få stå her i Det norske teatret og ta imot prisen Årets nynorskkommune 2011! På vegner av Fjell kommune vil eg takka for denne gjeve prisen, sa Eli Årdal Berland då ho fekk prisen.

Ho synte til at Fjell er i gang med å revidera den 10 år gamle målbruksplanen.

– Sjølv om vi i dag har fått denne prisen, veit vi at mykje kan gjerast for å utvikla ein endå betre nynorsk språkbruk i heile organisasjonen vår. Vi ser for oss at dei pengane som følgjer med prisen mellom anna skal gå til spennande språkprosjekt retta mot den yngre garde, seier ho vidare på nettsida til Fjell kommune.

– De skal vita at vi set umåteleg stor pris på denne utmerkinga. Og prisen går altså til ein kommune som tidlegare i år refsa dei statlege organa, ikkje minst departementa, for ikkje å ha sendt skriv til Fjell kommune på nynorsk slik mållova krev. Det var flott at dette vart teke på alvor, sa Eli Årdal Berland.

Ho lova at prisen skal få ein heidersplass på rådhuset og alltid minna oss om at vi aldri vert ferdige med å utvikla god nynorsk språkbruk i skrift og tale. Fjell kommune fekk også eit bilete frå vinnaren i fjor, Seljord kommune.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...