Heim Nyhende Årets unge bonde kjem frå Nordland

Årets unge bonde kjem frå Nordland

Firebarnsmor, varaordførar og mjølkebonde Elisabeth Holand (31) frå Vestvågøy i Nordland blei i går kåra til Årets unge bonde.

– Eg hadde aldri trudd eg skulle vinne, seier Elisabeth Holand til Nationen.

Vinnaren var tydeleg både overraska og rørt då namnet hennar blei ropt opp under tildelingsarrangementet på Studentersamfunnet i Ås. Ho nytta takketalen til å takke familien.

– Foreldra mine har oppdratt meg med eit syn på landbruket som noko positivt, det har vore utruleg viktig, sa ho.

Det er Norges Bygdeungdomslag (NBU), McDonald’s og Nationen som står bak kåringa. Juryen har mellom andre bestått av landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp), sjefredaktør Mari Velsand i Nationen, leiar Inger Johanne Sveen i NBU, administrerande direktør Olli Kilpi i McDonald’s Norge AS og rektor Hans Fredrik Hoen ved Universitetet for Miljø- og Biovitenskap.

Her er grunngjevinga til juryen:

«Vinneren av Årets unge bonde 2011 er et sunt forbilde med et bredt engasjement for landbruk og det hun driver med. Som del av en ny generasjon bønder, kombinerer hun et spennende yrkesvalg med et aktivt familieliv og betydelig samfunnsengasjement.

Vinneren har et glødende engasjement for landbruket og tar selv grep for å tilegne seg nødvendig kunnskap for å drifte på best mulig måte.

Hun har også vist at hun takler utfordringer på en forbilledlig måte.

Vinneren av Årets unge bonde 2011 har flere tillitsverv i landbrukets organisasjoner, og er også svært aktiv i lokalpolitikken. I tillegg til dette har hun fire barn som alle har debutert enten på rådgiversamling i Tine eller årsmøte i Nordland Bondelag.»

– Det var utruleg hyggeleg å vinne, det er flott å vise at også unge kvinner kan vere gode bønder, seier Holand. Ho sier vidare at det framleis er mange som tenker at bonde er ein mannsjobb, og håpar denne prisen kan vere viktig for næringa, for å vise at ein bonde ikkje nødvendigvis er ein gamal, traust mann.

Rundt 200 forslag på kandidatar har kome inn til Årets unge bonde 2011. Kriteria er at kandidaten må vere under 35 år, matprodusent og eit bra førebilete. Elisabeth Holand var finalist saman med ni andre unge bønder.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...