Heim Nyhende Betre flytilbod på søre Sunnmøre

Betre flytilbod på søre Sunnmøre

Frå 1. april vil staten betale for fleire flyruter og flysete til og frå Hovden flyplass.

 

I dag har flyplassen fire ruter som er subsidierte av staten, men frå april blir det seks slike ruter frå Hovden, skriv Sunnmørsposten. Samtidig blir kravet til setekapasitet auka, frå 600 til 1150 sete i veka, og frå 115 til 230 sete i helgane.

 

I tillegg til krava om minimumskapasitet frå staten, driv Widerøe også kommersielle flyruter til og frå Hovden. Ein vanleg dag går det sju fly ut og sju fly inn til flyplassen mellom Ørsta og Volda.

Kven som har lagt inn tilbod på dei nye flyrutene til og frå Hovden, er ukjent for sekretær i Utviklingsforum-Hovden lufthamn Martin Foldal.

– Men eg håpar at Widerøe får tilbodet, for dei har vi godt samarbeid med og vi er nøgde med servicen, seier Foldal til Sunnmørsposten. Han ser likevel ikkje bort frå at det kan bli godt samarbeid med eit anna selskap også.

Næringslivet og den maritime klyngja på søre Sunnmøre kjempar for betre flytilbod til og frå Bergen. I denne tilbodsrunden er det ikkje lagt opp til fleire fly, men setekapasiteten til Bergen aukar frå 150 til 210 på kvardagar, og 35 til 40 i helgane. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...