Heim Nyhende Nynorskelskar og Frp-politikar i målformdebatt

Nynorskelskar og Frp-politikar i målformdebatt

Fylkespolitikar Hanne Blåfjelldal (Frp) og Vang-ordførar Vidar Eltun (Ap) var med i målformdebatten i Valdres i førre veke. Begge er ivrige nynorskbrukarar.

–Tidlegare i denne veka var eg deltakar i «Valdresdebattane». Spørsmål vi skulle diskutere var mellom anna: Er det plass til to likestilte språk i Noreg i dag? Eller kostar det for mykje? Er det eit problem at 75 prosent av ungdommane i Valdres skiftar språk? Og kven har i så fall ansvaret?, skriv Frp-politikar Hanne Blåfjelldal på bloggen sin.

Lnk.no skreiv om målformdebatten i Valdres for eit par veker sidan.

Hanne Blåfjelldal var deltakar i debatten saman med mellom anna språkforskar Arne Torp, kommentator Erling Lægreid, Elisabeth Aspaker frå Høgre og ordførar i Vang, Vidar Eltun.

– Eg har alltid vore glad i nynorsk, men eg har ikkje alltid vore nynorskbrukar. Eg var også ein av dei som byta målform frå nynorsk til bokmål då eg var elev på vidaregåande skule i Valdres, skriv Blåfjelldal vidare på bloggen sin.

– Det kan verke lettare å skrive bokmål enn nynorsk. I alle fall når du er ein halvlat 15-åring. Stort sett alt eg las var bokmål, og når du tenkjer etter kva for målform ein møter mest av rundt seg i samfunnet, kan vi ikkje seie at bokmål og nynorsk er likestilte. Når eg i tillegg opplevde at bokmålsstilane eg fekk attende frå læraren såg omtrent slik ut som då du leverte dei inn, medan nynorskstilane var fulle av raudt blekk, då var vegen kort til å be om å få byte målform, held ho fram.

Ho peikar på at det var latskap som fekk ho til å byte målform. Ho nytta bokmål i fleire år, mellom anna under nordisk-studium og jobb som politisk rådgjevar på stortinget. Først då ho skulle søkje jobb i Vågå kommune, blei det ei endring på det. Ho fann ut at ho skulle begynne å skrive nynorsk igjen.

– Eg bestemte meg fort for at dette måtte gjerast skikkeleg. Eg begynte derfor med ein gong å bruke nynorsk privat. På bloggen, i tekstmeldingar og på Facebook. Men eg skal love dykk eg strevde, seier ho på bloggen sin.

Ho blei meir sjølvsikker etter at ho fekk eit nynorskkurs av Vågå kommune, og i førre veke var ho debattant og nynorskforkjempar under målformdebatten i Valdres.  

– Debatten  i Valdres gjekk bra. Det var litt skummelt for meg å møte språkguruane i debatt (eg hadde dårleg sjølvkjensle og følte meg som ein rosabloggar som var invitert for å gjere debatten meir folkeleg). Og det var minst like skummelt at det blant publikum var mange tidlegare lærarar av meg. Men Avisa Valdres gav meg terningkast fem for debatten. Og sjølv om det er litt tabloid med terningkast, så er det greitt så lenge det gjekk bra for min del, sluttar Hanne Blåfjelldal innlegget på bloggen sin.

Nyvald ordførar i Vang kommune, Vidar Eltun, var også debattant under målformdebatten i Valdres.

– Det var ein interessant debatt, kor det kom fram fleire element. Mellom anna blei det snakka om å vere stolt av å bruke dialekt og at det kan føre til at fleire vil skrive nynorsk i vår region. Det blei også peika på at media har mykje av skulda for at ungdommar vel bort nynorsk, fortel Vang-ordføraren til lnk.no.

– Det burde kanskje vore fleire bokmålsfolk med for å spisse debatten, legg han til.

– Kjem det til å skje noko i Valdres som følgje av denne debatten?

– Det skal diskuterast om Valdres Natur- og Kulturpark, som er eit selskap som representerer Valdres-regionen, skal nytte meir nynorsk og få ein meir nynorsk profil i framtida, svarer Vidar Eltun.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane

I dag er det beint fram tilfeldig om ein student går ut av lærarutdanninga med kunnskap og kompetanse til å gje nynorskelevane ei god...

Ola Borten Moes handlingsplan for norsk fagspråk møter kritikk

Handlingsplanen til regjeringa for norsk fagspråk møter kritikk frå professor som meiner regjeringa prioriterer det norske språket over kvalitet i forskinga. – Engelsk er språket...

Framtida Junior er årets nynorskbrukar

Framtida Junior fekk prisen "Årets nynorskbrukar 2023" for å bryte veg for meir nynorsk på digitale medieflater og for å skrive om varierte emne...
Mindre lokalt - meir sentralt: Frå Radiohuset til NRK på Marienlyst i Oslo. Foto: Wikipedia

NRK oppfyller ikkje nynorskkravet – framleis for lite nynorsk på nett og radio

Andelen nynorsk i NRK har auka noko, men det er framleis eit stykke igjen til målet, viser Medietilsynets tilsynsrapport for fjoråret. Direktør Mari Velsand i...