Nett-tenesta Slettmeg.no er sikra vidare drift etter at Norsk senter for informasjonssikring (Norsis) no overtar drifta.
Slette-tenesta gir råd og rettleiing om korleis du kan få sletta informasjon på nett om deg sjølv som du opplever som krenkande. Til no har denne tenesta vore eit prøvepropsjekt under Datatilsynet, men no blir ordninga gjort permanent frå 2012.
Slettmeg.no er ei viktig teneste for dei som har opplevd å bli krenka på nettet. Dette gjeld ikkje minst dei unge. Ungdom er blant dei mest sårbare på nettet og har ofte ikkje økonomi og kompetanse til å løyse dette heilt alene, seier fornyingsminister Rigmor Aasrud i ei pressemelding.
Slettmeg.no og Datatilsynet er dette året nominert til Rosingprisen, ein pris som Dataforeningen gir ut årleg til verksemder som bidreg til å auke informasjons- og IT-tryggleiken.