Heim Nyhende Bygdeprofilen

Bygdeprofilen

Nynorsken har hindra borgarkrigsliknande kulturtilstandar i Noreg, seier bygdeforskar Reidar Almås.

Kva forhold har du til nynorsk?
Nynorsken er hjartespråket mitt, og eg skriv alltid på nynorsk, så nær som når eg skriv saman med andre som ikkje vil ha ei felles tekst på nynorsk, eller når eg skriv faglege artiklar på engelsk.

Kvifor er dette språket så viktig?
For meg er det å snakke dialekt og skrive nynorsk ein sentral del av identiteten min. For Noreg er nynorsken viktig for bygginga av ein felles nasjonal identitet, for integrasjonen mellom Austlandet og Vestlandet og for språkleg mangfald. Nynorsken har hindra borgarkrigsliknande kulturtilstandar i Noreg med strid om kven som er fullverdige norskingar.

Du jobbar på Bygdeforskning, kva driv de med der?
På Bygdeforskning driv vi samfunnsfagleg oppdragsforsking på bygder og distrikt. Vi har organisert verksemda i tre fagområde: lokalsamfunn, bygdeliv og kultur; ressursforvalting, miljø, og landskap; og næringsutvikling, landbruk og verdikjeda for mat. Dessutan har Bygdeforskning eit nasjonalt ansvar for å ta vare på og utvikle ein grunnleggjande forskingskompetanse innan bygdesosiologi og fleirfaglege bygdestudiar.

Kva skal til for å sikre levande bygder i Noreg i framtida?
At alle med ansvar for utviklinga av bygdene gjer alt dei maktar for å gjere bygdene økonomisk berekraftige og sosialt attraktive for neste generasjon bygdefolk.

Du fekk i vår St. Olavs Orden 1. klasse, korleis kjendest det?
Det var svært overraskande, men utruleg gledeleg. Det var fint å bli sett pris på, så takk til dei som foreslo meg.

Og no er du nominert til Årets bygdeprofil på Nationen.no. Kva tenkjer du om det?
Da stiller eg meg i heiagjengen for Therese Johaug. Ho er ekte bygdejente, herleg, rett på sak og ein god representant for Bygde-Noreg.

Namn: Reidar Almås
Alder: 58
Yrke: Bygdeforskar
Aktuell: Nominert til Årets bygdeprofil i Nationen. Fekk St. Olavs Orden av 1. Klasse i vår.
Språk: Nynorsk er hjartespråket

Førre artikkelMot til å meina-suksess i Sauda
Neste artikkelFolk flest

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...