12,82 prosent av elevane i grunnskulen hadde nynorsk som opplæringsmålform ved starten på skuleåret 2011/2012.
Det er ein liten endring frå førre skuleår då 12,96 prosent av elevane hadde nynorsk. Tale har sunke noko kvart år dei siste åra. Som alltid er Sogn og Fjordane på topp når det gjeld nynorskbruk, her har 97,26 prosent av elevane nynorsk som si hovudmålform.
Slik ser statistikken ut for fylke i LNK (tala er henta frå SSB.no):
Prosent nynorskelevar | 2008/2009 | 2009/2010 | 2010/2011 | 2011/2012 |
Oppland | 19,8 | 19,5 | 19,1 | 18,7 |
Buskerud | 3 | 2,9 | 2,8 |
2,9 |
Telemark | 13 | 11,9 | 11,1 | 10,9 |
Aust-Agder | 6,4 | 5,9 | 5,6 | 5,5 |
Vest-Agder | 3,5 | 3,4 | 3,3 | 3,3 |
Rogaland | 25,2 | 24,9 | 24,5 |
24,1 |
Hordaland | 40,5 | 40,1 | 39,7 | 39,2 |
Sogn og Fjordane | 97,1 | 97,2 | 97,2 | 97,3 |
Møre og Romsdal | 53,4 | 53,2 | 52,5 | 52,1 |