Heim Nyhende I fleire format

I fleire format

Forfattaren Mette Karlsvik har gitt ut to bøker i år. Og så har ho debutert som dramatikar.

Kvar einaste setning kostar, seier ho. På scena altså, og då snakkar vi også om at det kostar pengar. Fleire ord, lengre sekvensar, fleire folk på scena, meir lys. Det er ei rekkje av hendingar som følgjer orda på teateret. I ei bok blir det berre fleire sider av fleire ord. Litt meir papir. På scena kostar orda meir.

Teaterstykket Plass byrja med debutromanen hennar Vindauga i matsalen vender mot fjorden. Men det blir feil å seie at Plass er ei dramatisering av denne boka, seier Karlsvik. Heilt feil. For om det starta med romanen, så passa han likevel ikkje inn i teaterforma. Når du skriv for scene, må du skrive på teateret sine premissar, forklarar ho. Då er det andre omsyn å ta, som til dømes den nemnde økonomiske logikken.

Ho brukte mykje tid på å rasjonalisere orda, vurdere dei, kjenne på dei: Var dette noko ein skodespelar kunne seie? Vart det rett slik? Det var viktig å finne noko som levde i replikkane.

– Eg sat med skodespelaren på skuldra og skreiv, seier ho.

Undervegs i prosessen fekk ho Jon Fosse med som mentor. Dei gjekk på teater, snakka om teater, møttest som venner. Berre det å tilbringe tid med han var lærerikt, seier ho. – Han har lært meg å ha ein fot på jorda og ein hos dei folka eg er glad i. Han er oppteken av det nærmaste, av det som er viktig.

Det var litt svimlande å jobbe med Fosse, seier ho. Ho er redd for at ho ikkje fekk med seg så mykje som ho burde. Men Plass gjekk frå å vere eit relativt tjukt manus til å bli eit krese utval av ord. Stykket hadde premiere på Dramatikkens hus i november. Skodespelarane og regissøren vil søkje om å få reise med stykket til ungdomsskular via Den kulturelle skulesekken.

Så har ho gjeve ut bok i haust og fått ein Brageprisnominasjon for ho. Boka Bli Björk er ein impresjon over Island, i følgje Mette Karlsvik.

– Det begynte med Island, denne tynne skorpa av jord og det som er under, som er så nære livet. Det er under denne skorpa at krafta blir danna. Eg liker det.

(Meir under biletet.)

Mette Karlsvik

I dette biletet har også den islandske popartisten Björk, men kanskje først og fremst far hennar, funne seg plass. Då Karlsvik fann ut at far Gudmundur Gunnarson var elektrikar, son av ein elektrikar og den første fagforeiningsmannen på Island, fekk ho eit ønske om å gje dei rom i romanen, gjere dei til ein del i historia. Men å skrive verkelege, nolevande menneske inn i ein roman er ikkje berre uproblematisk. – Eg fekk ei etisk skrivesperre, forklarar ho. Så ho ringte til Gunnarson til slutt og spurde «Er det greitt, kan eg skrive om deg?»

– Det var greitt, men då måtte eg kome til Island og snakke med han der.

Kritikarane skriv ting som «usedvanlig vellykket romanbiografi» (Cathrine Krøger i Dagbladet), «hardt arbeid, men verdt strevet» (Knut Hoem, Kulturnytt, NRK), «et storslått epos om sammenvevingen av et folk» (juryen i Brageprisen) om Bli Björk. Mykje merksemd vart det, sjølv om ho ikkje fekk prisen. Noko av merksemda knytte seg til eit oppslag i Dagbladet, der avisa gjer vesen av kva popartisten Björk synest om å bli ein del av ein roman utan å vite at ho var med i den. Ein diskusjon Karlsvik ikkje er så fornøgd med. Det har aldri vore hennar prosjekt å portrettere korkje Björk eller faren, sjølv om ho går inn i hovudet deira og tenkjer tankane deira på trykk. Ho er glad for at kritikarane ser ut til å ha fanga opp at ho ikkje er ute etter å avsløre privatlivet til Björk. Det er ikkje det boka handlar om.

– Men er det sant, det du skriv om dei?

– Det er ein roman.

I boka valde ho å bruke andrepersonsforteljar for det han er verd. For å skape ein avstand til det intime og private, det ho ikkje kan gå god for eller utlevere.

– Eg er glad for at Tomas Espedal fekk Brageprisen. Det han skriv om, kjem av det han er oppteken av, og det handlar om han sjølv.

Ho må få nokre fleire år på baken, så kan det vere at ho òg skriv privat og utleverande. Men då må det handle om ho sjølv, ikkje om andre, ikkje om noko som skjer i eit anna land, seier ho.

Ei slik utlevering, ein slik roman; for å skrive han må ein leite fram nokre tabu i seg sjølv. – Kva er det sannaste eg kan seie om meg sjølv som andre ikkje har sagt? Kor er min plass i den litterære offentlegheita?

Å skrive Bli Björk var ein lang prosess. Teaterstykket Plass heldt ho på med i tre år. Samstundes skreiv ho den 400 sider store sakprosaboka Post Oske, som kom ut i vår. Også denne hentar stoffet sitt frå Island. Undervegs har det vore andre prosjekt også, mellom anna som vikar- og frilansjournalist for Dagens Næringsliv, Morgenbladet og Dagsavisen, og som spaltist hjå Magasinett. Ho sit i styret til Den norske Forfatterforening, i styret i Samlagsklubben, som koordinator for nettverket til Red Cross Nordic United World College, og ho er nettredaktør på forfattarforeininga sine heimesider. I fjor tok ho eit årskurs i å skrive dramatikk. Å kjøre så mange parallelle løp tek på, seier ho, og ho bruker mykje tid på å hente seg inn. Spesielt dei store skriveprosessane krev nærvær og rom. Å leggje vekke eit arbeid for å ta til på eit anna er ikkje berre uproblematisk. Det er krevjande å kome inn i det ein gjer, når ein skal ta arbeidet opp att. Og samtidig kan ein pause gjere godt for eit skrivearbeid. Det kjem nye tankar til når tida går.

Med boka Bli Björk, Bragepris-nominasjonen og tildelinga av Sigmund Skard-stipendet tidlegare i haust har det blitt ein del merksemd om Mette Karlsvik og personen hennar.

– Eg har ei 60 år gammal venninne som meiner at eit kurs i medietrening ville gjort mykje godt for mange forfattarskap.

– Er du einig i det?

Ho smiler, på ein litt streng måte.

– Eg har blitt meir synleg. Eg er med på det, og eg aksepterer det.

Ho synest likevel det er greitt å reindyrke rollene, la forfattaren vere forfattar og la forlaget ta seg av pressearbeidet. Det er boka som er det viktigaste.

– Boka skal stå i bokhylla i mange hundre år. Avisa er gammal i morgon.

Det er ein stor skilnad på offentlegheita og den litterære offentlegheita, seier Karlsvik. Det må vere grenser mellom det private og det offentlege, og vi har ein veldig sober offentlegheit her i landet – med nokre tabloide unntak. Den litterære offentlegheita, derimot, er grenselaus. – Det er den plassen i landet det er reell ytringsfridom, og her er det rom for det private og intime.

No nærmar det seg slutten på året 2011. Det året det smalt i Oslo og på Utøya. Karlsvik har skrive om det, og ho tenkjer på det. Det går bra, akkurat no. Vi er på opptur, som ho seier, vi sit her med julemiddagane våre og den gode tida vi går i møte.

– Men eg lurer på korleis det skal gå med oss etter jul.

Det er så mykje som har skjedd etter 22. juli. Det er mange som er redde. Men ho er trygg likevel.

– Måten styresmaktene reagerte på, viser at leiarane heilt øvst heller ikkje er skjøre, seier Mette Karlsvik.

 

SJØLVMELDING:

 

Namn: Mette Karlsvik
Alder: 33
Bur: På Oskar Braathens Plass, Oslo
Sivil status: Ugift
Aktuell: Debuterte nyleg som dramatikar, og var nominert til Brageprisen for romanen Bli Björk
Les: Nett no: Hvit Tiger (Aravind Adiga). Eit meir langsiktig prosjekt/ ligg på nattbordet: Paal Helge Haugens Kvartett
Høyrer på: Active Childs «You are all I see», PJs «Let England shake», Destroyers Kaputt», Panda Bears «Tomboy» og dei siste av Deerhoof.
Førebilete: Mange folk gjer noko eg liker. Liker dei som står på sida til dei svake, som er venner i motgang, veit kva dei vil og gjer det, eller er ujålete og sympatiske.

Namn: Mette Karlsvik

Alder: 33

Bur: På Oskar Braathens Plass, Oslo

Sivil status: Ugift

Aktuell: Debuterte nyleg som dramatikar, og var nominert til Brageprisen for romanen Bli Björk

Les: Nett no: Hvit Tiger (Aravind Adiga). Eit meir langsiktig prosjekt/ ligg på nattbordet: Paal Helge Haugens Kvartett

Høyrer på: Active Childs «You are all I see», PJs «Let England shake», Destroyers Kaputt», Panda Bears «Tomboy» og dei siste av Deerhoof.

Førebilete: Mange folk gjer noko eg liker. Liker dei som står på sida til dei svake, som er venner i motgang, veit kva dei vil og gjer det, eller er ujålete og sympatiske.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...