Heim Innspel Klimaansvar i kommunane?

Klimaansvar i kommunane?

Klimautfordringa er ikkje over. Men ho er i ferd med å gå i gløymeboka. No er det tid for handling nedanfrå. Her kan kommunane spele ei viktig rolle. Det er tid for det jordnære klimaarbeidet.

Klimautfordringa avgjer framtida

Ei framtidsstudie om såkalla megatrendar bestilt av Det Norske Veritas peikar på to forhold som er avgjerande for kva framtid barnebarna og oldebarna våre får: Vår evne globalt til å takle klimautfordringa er den eine. Økonomisk utvikling og styring er den andre.

Økonomien er det mange som tar seg av. Men kven tar seg eigentleg av klimautfordringa?

No har kommunane ein gyllen sjanse til å vise handlekraft og framtidsansvar!

Er det over allereie?

For 2-3 år sidan sto klimautfordringa øvst på sakslista – i politikken, i media, i debattar og rundt kaféborda. Så vart det stilt – og dei fleste av oss lever som før. Er trusselen over allereie? Var det nokon som snakka tydeleg om klimautfordringa i valkampen no sist?

Mange kommunar har vedtatt eigne klimaplanar. Men følgjer det pengar og handling med?

Storting og regjering har sjølvsagt eit viktig ansvar. Men kan vi satse på at dei skal ordne opp?

Grip tak i det jordnære

Kommunane kan no ta ei viktig rolle gjennom å mobilisere til klimainnsats nedanfrå. I staden for dei store debattane og skremselsbileta kan vi no gjennom kommunal satsing jobbe med dei konkrete nære innsatsområda. Det kan til dømes vere energieffektivisering, ladestasjonar for elbilar, arealplanlegging som reduserer transportbehova, avfallssortering og -reduksjon, senterutvikling som stimulerer til gåing og sykling framfor bilbruk, meir klimavennleg privat åtferd i heimane – og mangt og mykje meir av jordnære og konkrete tiltak.

Slik kan den kommunale innsatsen verkeleg kome til å utgjere ein forskjell. Og slik kan ein skape eit klimaengasjement blant folk flest. Det er mange nye ordførarar og politikarar i kommunane. Dette må vere ei framifrå sak til å markere seg på.

Rørosavtalen 2012?

Det ser mørkt ut for ein ny internasjonal klimaavtale. Kanskje alternativet kan vere ein klimaavtale mellom norske kommunar? Røros kan vere ein fin møteplass for alle ordførarane i landet – der dei kan underteikne sin eigen kyotoavtale: Rørosavtalen. Slik kan Noreg igjen bli eit føregangsland i klimaarbeidet. Med litt førebuing burde det vere muleg å få dette til før sommaren 2012. Er det nokon som tar ballen?

Jan Per Styve er regionaldirektør i Hordaland fylkeskommune

Førre artikkelNye tradisjonar
Neste artikkelI fleire format

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...