Heim Nyhende Uroa for pasienttryggleiken

Uroa for pasienttryggleiken

Leiar i sjukepleiarforbundet, Eli Gunhild By, er uroa for pasienttryggleiken i mange kommunar etter at samhandlingsreforma blei sett i verk. Helsedepartementet seier det ikkje er grunn til uro.

Forbundsleiar Eli Gunnhild By i Norsk Sykepleierforbund seier helsetenesta i nokre kommunar ikkje har den kompetansen som skal til for å møte den nye situasjonen.

– Samhandlingsreformen inneber at folk skal skrivast ut frå sjukehus til kommunehelsetenesta tidlegare. Det vil auke talet på pasientar i kommunehelsetenesta, og gi kommunane ansvar for dårlegare pasientar, seier By til Nationen.

Fylkeslegen i Sogn og Fjordane har tidlegare uttrykt stor uro for situasjonen i sitt fylke både før og etter samhandlingsreformen blei innført 1. januar.

Departementsråd Anne Kari Lande Hasle i Helse- og omsorgsdepartementet er leiar i den nasjonale koordineringsgruppa for oppfølging av samhandlingsreforma. Ho deler ikkje sjukepleiarane sin uro for at pasientar kan kome til å dø fordi heimkommunen ikkje har kompetanse til å ta vare på dei.

– Dersom ein kommune finn at dei ikkje har kompetanse til å ta imot ein pasient, gjer dei som dei gjer i dag, betaler sjukehuset for å gi pasienten tilbodet han treng, seier Lande Hasle.

Ho viser til at det står fritt for kommunane å velje den eine eller den andre løysinga.

Det kostar ein kommune 4000 kroner i døgnet å ha ein i utgangspunktet ferdig sjukehusbehandla pasient liggjande på sjukehus. Det er meir enn det kostar å ha ein pasient på ein kommunal sjukeheim, men kommunane har fått overført 560 millionar kronar frå sjukehusa sine budsjett til å betale den delen av sjukehusrekninga.

Dette er Samhandlingsreformen.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...