Heim Nyhende Ny språkpris til unge forskarar

Ny språkpris til unge forskarar

Dette skuleåret har Språkrådet og Noregs forskingsråd lansert ein eigen språkpris for unge nysgjerrigperar.

Jurykriteria for den nye språkprisen er: «Nysgjerrigpers språkpris vert delt ut av Språkrådet. Prisen går til eit prosjekt der eit språkleg emne vert utforska. Emnet må ha tilknyting til norsk språk eller forholdet mellom norsk og andre språk. Vi brukar språket i all slags situasjonar, anten vi les, skriv eller snakkar. Namn på personar og stader, slang og dialektar, språk og teknologi er berre nokre døme på emne som kan utforskast. Utfordringa er å vise korleis ein skaffar kunnskap om språket og bruken av det.»

Forskingsrådet har i fleire år delt ut prisar i forskjellige kategoriar til unge forskarspirer. Språkprisen blir delt ut i den årlege forskingskonkurransen for barn, Årets nysgjerrigper. Her forskar barna sjølve og dei konkurrerer om å skrive den beste forskingsrapporten. Dei ti beste prosjekta i landet får Nysgjerrigperpris og ein pengepremie. Kvart år deltar omkring 2000 elevar i Årets nysgjerrigper.

I fjorårets nysgjerrigper-tevling var det to språklege prosjekt som deltok. Ved Bruvik skule i Østerøy kommune i Hordaland var det 16 elevar som forska på kallenamn i bygda før og nå. Ved Tokke skule i Telemark forska sjetteklassingane på kvifor det var så mykje feil i det nye norskverket deira.

Leveringsfristen for forskingsrapporten til Årets nysgjerrigper er 1. mai 2012. På nettsidene til Språkrådet og Årets nysgjerrigper kan du lese meir om den nye språkprisen.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...