Heim Nyhende VG-redaktør vil ha meir nynorsk i Oslo-avisene

VG-redaktør vil ha meir nynorsk i Oslo-avisene

Debattredaktør i VG Elisabeth Skarsbø Moen vil skrive meir nynorsk og oppmodar fråfalne nynorskbrukarar i Oslo-avisene til nynorskprotest.

Moen er blant mange som i lys av debatten om sidemålskarakteren i skolen den siste tida har vorte meir klar over kva nynorsken betyr for henne. No oppmodar frærnaværingen redaktørkollegaer i Oslo-pressa til å skrive meir nynorsk.

– Eigentleg burde Harald Stanghelle, Knut Olav Åmås og alle vi som har forlate nynorsken, protestere og levere fleire tekstar på nynorsk. Vi må vere vaksne og insistere litt meir, seier Moen til Bergens Tidende.

Det er ikkje ofte VG har nynorsk i spaltene sine, men fredag skreiv Moen eit forsvar for sidemålskarakteren – på nynorsk.

– Det var frigjerande å skrive nynorsk igjen. Det står meg mykje nærmare. Når eg skriv bokmål, ligg det ei kulturell hinne mellom meg og språket. No vil eg skrive meir nynorsk, seier ho.

Ho tar til orde for fleire innslag av nynorsk i bokmålsavisene, for eksempel i portrettintervju og kommentarar. Men at VG no får mykje nynorsk i spaltene framover, kan ho ikkje love.

– Dette er noko eg må ta internt. Men privat kjem eg no til å skrive meir nynorsk igjen, seier Moen. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...