Heim Nyhende Vil la folket setje om internett

Vil la folket setje om internett

Det amerikanske dataprogrammet «Duolingo» skal gjere det muleg for folk flest å vere med å setje om internett til alle dei store verdsspråka. Dei som er med og set om gjer jobben gratis medan dei lærer seg eit nytt språk.

– Det starta med at eg spurde ein av studentane mine «Korleis kan vi få 100 millionar menneske til å setje om internett til alle dei store verdsspråka, gratis?», seier ein av skaparane av «Duolingo», Luis von Ahn, i eit foredrag for nettstaden TED.

Svaret blei å tilby brukarane mulegheita til å lære eit nytt språk. «Duolingo» fungerer slik at medan du lærer eit språk, er du med på å setje om internett til nettopp det språket.

Om ein hadde nytta profesjonelle omsetjarar til å setje om internett, hadde det blitt veldig dyrt og tatt veldig lang tid. På denne måten gjer folk jobben gratis.

– Omsetjingsprogramma i dag er ikkje gode nok, og kjem ikkje til å vere det på 15–20 år. Dei gjer mange feil, og då veit ikkje folk om dei kan stole på dei når dei gjer rett, seier von Ahn om kvifor han trur «Duolingo» er den mest effektive måten å setje om internett på.

«Duolingo» er ikkje lansert ennå. Til nå finst det bare ein prøveversjon og folk må stå på venteliste for å få vere med.

«Crowdsourcing», eller dugnad, om du vil, er den nye måten å få realisert store prosjekt på. Nettleksikonet «Wikipedia» og digitaliseringa av bøker for Google gjennom inntasting av såkalla «CAPTCHA»-kodar er døme på dette. Veldig mange menneske går saman og gjer litt av jobben kvar, og det kjem til nytte for alle som bruker internett.

Les heile saka om «Duolingo» på NRK.no.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...