Samferdsledepartementet har oppretta ein blogg kor du kan kome med innspel til Nasjonal transportplan.
Forslaget til Nasjonal transportplan 2014 – 2023 vart lagt fram 29. februar i år, og den er no på høyring fram til 29. juni. I høyringsperioden kan folk gå på bloggen ntpdiskusjon og kome med innspel til emna transportplanen tar opp i seg: Trafikktryggleik, miljø og klima, kollektivtransport og storbyutfordringar, busetnad og næringsliv, jernbane, luftfart og sjøtransport. Diskusjonen på bloggen er allereie i gang, og både sentrale og lokale politikarar får konkrete innspel til forbetringar og invitasjonar til å vere med og prøve ut dårlege vegar.
Nasjonal transportplan (NTP) er ein 10-årsplan for samferdsle og den blir utarbeidd av Statens vegvesen, Jernbaneverket, Kystverket og Avinor. Forslaget til NTP blir lagt fram for Regjeringa, som etter ei høyring legg den fram som ei stortingsmelding. Det er Stortinget som vedtek den endelege transportplanen. NTP blir revidert kvart fjerde år, i forkant av stortingsvalet.