Heim Nyhende Får ting til å skje

Får ting til å skje

Fire kompisar har starta pub, treningssenter og mikrobryggeri. Då har dei vel hendene fulle?

Ikkje heilt, skal ein tru Harald Opedal, ein av dei fire bak Ekspedisjonen, Tunvoll trimstove og Harding-ølet. For når ein først har fått dreisen på eitt prosjekt, så er det spennande å sjå korleis ein kan utvikle det vidare. Eller finne på noko nytt.

Men vi spolar tilbake til 2004. Dei fire fruktbøndene Ivar Tveito Eidnes, Fredrik Opedal, Knut Opedal og Harald Opedal flyttar tilbake til heimbygda Lofthus.

– Det starta litt tilfeldig. Vi var mellom 25 og 27 år då vi flytta heim, nokre flytta med eitt bein og nokre med to, fortel Opedal.

Folk bidrar

Ganske fort merka dei saknet etter ein møteplass i bygda. Dei byrja å snakke om det, og det gjekk ikkje lang tid før ein laus ide konkretiserte seg i leige av eit kjellarlokale og oppstarten av Ekspedisjonen. Ekspedisjonen vart det dei sjølve ønskte seg; ein møteplass kor folk kan treffast uansett alder og behov. Harald Opedal er lite lysten på å kalle det ein pub, for han meiner skjenkestova er meir enn det.

Her kan folk treffast til ulike aktivitetar, seier han, og nemner mellom anna faste quiz-kveldar, konsertar, kunstutstillingar med fine opningar. Spesielt quizkveldane har blitt ein suksess, og gjestene tek villig vekk på seg arbeidet med å utarbeide gode quizar i byte mot eit glas og ei hyggeleg kveldsstund, kan han fortelje.

– Det ser ut til at folk gladeleg gir opp gullrekka til fordel for oss på fredagskveldane, ja, smiler Opedal fornøgd.

Får trimma

Etter nokre år fekk dei tilbod om å kjøpe bygget som husa Ekspedisjonen, og dei slo sjølvsagt til. No ville dei starte treningsstudio.

– Etter at vi hadde fått folk til å drikke så mykje øl hjå oss, var det på sin plass å hjelpe

dei til å trimme av seg litt også, ler Opedal. Som sagt så gjort. Tunvoll trimstove opna i etasjen over Ekspedisjonen og har no blitt eit fast treffpunkt for folk i Lofthus.

Treningssenteret har ope frå tidleg morgon til seine kvelden. Her er ingen fast tilsette, men den lokale sykkelklubben held til dømes spinningtimar, forklarar Opedal. Elles styrer brukarane av trimstova seg stort sett sjølve, og faste kundar kan låse seg inn med eit kodekort.

– Det baserer seg i stor grad på tillit til kundane våre, at kvar og ein passar på seg sjølv og kvarandre.

Så langt har det gått bra, og trimstova er no inne i sitt femte driftsår.

Fat og flaske

Etter at dei hadde halde det gåande med skjenkestove ei tid, melde det seg eit ønske om å kunne servere eigenproduserte varer.

– Vi må spele på dei strengane vi har, på kulturen og naturen, seier Opedal. – Vi ønskte å servere noko som var lokalt forankra. Det kjendest meiningsfullt, og vi tenkte det var lett og rett å selje vårt eige øl.

(Meir under bildet)

Utstilling av bilde

Dei investerte i eit mikrobryggeri, eit handbryggeri som blir drive manuelt. Ein av dei fem hadde noko erfaring med brygging frå eigen gard, medan dei andre gjekk på kurs for å lære bryggekunsten. I tillegg fekk dei med seg ein sambygding, Olav H. Helleland, som var ein kapasitet på ølbrygging. Det var ei bratt læringskurve, medgjev Opedal, men ho gav godt resultat. Ekspedisjonen kan no servere eigenprodusert fatøl av typen Harding raud, bitter, doggfrisk og staut, og i tillegg alkoholfri eplesaft.

– Vi har prøvd oss på sider også, seier Opedal. – Men den er me ikkje klare til å selje enno.

På ekte hardingvis

Neste steg no er å få tappe ølet på flasker og selje i eigen butikk. Heradsstyret i Ullensvang har hatt søknaden oppe til vurdering og gitt si godkjenning.– Kanskje kan vi ein gong kome dit at vi kan selje ølet til andre skjenkestader og utsalsstader, fabulerer ekspedisjonsleiaren. Men det blir ei avveging, nett no har bryggeriet akkurat rett storleik for produksjonen deira. Aukar produksjonen, må dei kanskje inn med fleire folk og meir utstyr. Dei verkar ikkje å vere redde voksesmertene, men det er eit par andre saker som skal følgjast opp også. Til dømes kornavlinga dei håper å kunne hauste og bryggje øl på.

– Vi har hatt ein prøveproduksjon i 3 år, og no håper vi at kornet har god nok kvalitet til at vi kan bruke det som råstoff til ølet vårt. Planen no er å lage øl heilt frå botnen av.

I dag kjøper dei ferdig knust malt , men dei har eit ønske om å melte eige korn og lage øl av det. – Slik bøndene gjorde i Hardanger før i tida, seier Opedal.

Dreg i lag

I tillegg syslar dei med tanken om å vidareutvikle Hardanger fruktsti; ei vandring i naturen og kulturlandskapet med smakebitar av det naturen har å by på undervegs. Førebels er det nokre skjær i sjøen, spesielt når det gjeld skjenking utandørs. Men Opedal verkar ikkje å vere i tvil om at dei skal få til dette også.

Dei har ikkje fritidsproblem, dei fire. Fritid og jobb går i hop. Det meste av det som blir gjort på trimsenteret og i skjenkestova, gjer dei på dugnad. Opedal er tilsett i ein deltidsstilling for å ta seg av mikrobryggeriet og Ekspedisjonen. Elles sysselset dei seg på eigen gard. Kva er motivasjonen, drivkrafta?

– Vi har varierte dagar, og vi er mange som er med og dreg lasset. Det vi gjer, opplever vi som meiningsfylt, seier Opedal. – Vi likar å få til noko.

 


Ekspedisjonen

  • Ivar Tveito Eidnes, Fredrik Opedal, Knut Opedal og Harald Opedal frå Lofthus
  • Starta skjenkestova Ekspedisjonen i 2005
  • Fekk Askeladdprisen i 2007 av Noregs Bondelag, Ildsjelprisen i 2008
  • Opna treningssenteret Tunvoll trimstove i 2007 saman med Arne A. Lutro
  • Starta mikrobryggeri og sel no sitt eigenproduserte fatøl saman med Olav H. Helleland

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...