Heim Nyhende – Må sjå festivalane som ein ressurs

– Må sjå festivalane som ein ressurs

Kommunane er ikkje flinke nok til å bruke festivalane til å profilere seg, meiner Distriktssenteret.

– For mange kommunar, særleg i distrikta, er festivalane heilt klart ein uutnytta ressurs i profileringsarbeidet, seier direktør i Distriktssenteret, Halvor Holmli i ei pressemelding.

Distriktssenteret har gjennomført ei kartlegging om kommunar og festivalar som viser at kommunane er for dårlege til å bruke festivalane i profileringa av både staden, kommunen og regionen. Både festivalane og kommunane gir uttrykk for at potensialet for å styrke profileringa er stort. 11 kommunar med sine festivalar er grunnlaget for kartlegginga, mange av festivalane byggjer på lokale identitetsmerke, som fjellfriluftsliv i Rauma og rakfisk i Valdres.

– Kanskje gløymer mange kommunar å nytte seg av byggjesteinane som alt ligg der – som til dømes festivalar, seier Holmli og legg vekt på at det er viktig at kommunen og festivalen dreg i same retning.

Noko dei har klart i Rauma i Møre og Romsdal der ein brukar Norsk Fjellfestival som utgangspunkt for kommunen si profilering. Rauma brukar aktivitetane på festivalen bevisst og vil vere «verdas beste kommune for naturglade menneske».

Likevel viser kartlegginga at kommunane i liten grad nytta festivalane som eit høve til å reklamere for busetjing, næringsetablering eller hyttebygging.

– Distriktskommunane bør særleg merke seg kva festivalar betyr for folk. Blant dei som kjem for å oppleve festivalar, finst det både innbyggarar og potensielle tilflyttarar. Begge er gull verdt, seier Halvor Holmli.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Kven er din kandidat til årets nynorskkommune?

Kultur- og likestillingsdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune 2026». Prisen er på 200  000 kroner og vert delt ut annakvart år til ein...

Fleirtal for krav til nynorske læringsressursar

Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) har samla fleirtal for nynorskkrav til læringsressursar. No må kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og regjeringa innfri, slik at nynorskelevane...

Festivalfunn for dei nyfikne

Det finst alltid skattar å oppdage i eit godt festivalprogram, og Festspela byr på fleire freistingar for den nyfikne. Her er nokre utvalde festivalfunn...

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...